Forhøyet uføretrygd som ung ufør
Høgsteretts dom 23. november 2021, HR-2021-2276-A, (sak nr. 21-049970SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
Staten v/Arbeids- og velferdsdirektoratet (Regjeringsadvokaten v/advokat Ida Thue) mot A (advokat Henrik Grønhaug)
Dommarar: Indreberg, Matheson, Ringnes, Falch, Steinsvik
Høgsterett kom til at ein person med både tarmsjukdom, psykisk liding og allergiar ikkje hadde krav på forhøgd uføretrygd etter reglane om «unge uføre». Staten blei derfor frifunnen.
Personen saka gjaldt, hadde fått innvilga 100 prosent ordinær uføretrygd, men fått avslått kravet om forhøgd minsteyting for unge uføre. Grunnen var at sjukdommane ikkje var «alvorlig» før fylte 26 år, jf. folketrygdlova § 12-13 tredje ledd. Lagmannsretten hadde komme til motsett resultat.
Høgsterett slo fast at det er alvoret i den medisinske lidinga som skal bedømmast når det skal takast stilling til om det ligg føre ein «alvorlig sykdom». Det individuelle låge fungeringsnivået betyr da mindre. Vilkåret føreset vidare eit nokså stort avvik frå det medisinske minimumet som krevst for å få ordinær uføretrygd.
I den konkrete vurderinga framheva Høgsterett at dei sjukdommane som personen hadde, var av mildare og lettare grad og relativt vanlege i befolkninga. Det låge fungeringsnivået kunne da ikkje leie til at alvorsvilkåret var oppfylt.
Høgsterett tok også stilling til inntekta personen hadde før ho blei ufør (IFU). Høgsterett kom til at IFU ikkje skulle fastsettast under den hypotesen at personen ville ha kvalifisert seg til høgtlønna arbeid dersom ho hadde vore frisk og ikkje blitt ufør. Navs fastsetting av IFU til gjennomsnittsinntekta i hotell- og restaurantbransjen, der ho arbeidde før ho blei ufør, blei derfor ståande.
Dommen gir rettleiing både om vilkåra for å få forhøgd uføretrygd som ung ufør og om fastsetting av IFU.