Krav om tilbakeføring av omsorga for eit barn skal prøvast sjølv om det ikkje er avklart kvar barnet skal bu fast
Høgsteretts dom 1. desember 2021, HR-2021-2353-A, (sak nr. 21-129102SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
X kommune (advokat Frode Lauareid) mot A (advokat Sveinung Eliassen), B (advokat Trond Pedersen Biti)
Dommarar: Skoghøy, Matheson, Kallerud, Falch, Sæther
Høgsterett slår fast at i tilfelle der det ikkje er avklart mellom foreldra kvar barnet skal bu fast etter at fylkesnemndas vedtak om omsorgsovertaking eventuelt er oppheva, har begge foreldra krav på å få reist sak om tilbakeføring.
Ved vurderinga av om det skal fremmast sak, vil det i praksis truleg berre vere grunnlag for å avvise saka dersom det i avtale eller dom er fastsett at barnet ikkje skal bu fast hos den som fremmar tilbakeføringskravet. Høgsterett gav vidare uttrykk for at ved realitetsvurderinga – om kravet om tilbakeføring av barnet blir tatt til følge – vil nok usikkerheit om kvar barnet i tilfelle skal bu, ofte tale mot oppheving av vedtaket inntil foreldra har sørgd for avklaring av spørsmålet etter barnelova.
Avgjerda avklarer vilkåra for å få prøvd ei tilbakeføringssak i tilfelle der foreldra ikkje har avklart kvar barnet skal bu fast dersom omsorgsovertakinga blir oppheva.