Gyldigheita av ein utbyggingsavtale

Høgsteretts dom 2. desember 2021, HR-2021-2364-A, (sak nr. 21-010348SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

Sunnfjord kommune (advokat Johannes Meyer-Myklestad) mot Bilskadesenteret Eigedom AS (advokat Endre Grande)

Dommarar: Noer, Kallerud, Bergsjø, Arntzen, Høgetveit Berg

Eit føretak i Førde hadde i ein utbyggingsavtale med kommunen påtatt seg å betale eit kontantbidrag for å få dispensasjon frå rekkefølgekrav i ein reguleringsplan. Høgsterett kom til at regelen om betalingsplikt var ugyldig på grunn av brestande føresetnader, og at kontantbidraget måtte betalast tilbake. Anken frå kommunen blei forkasta.

I ein reguleringsplan var det stilt opp rekkefølgekrav om gjennomføring av ulike vegtiltak før utbygging kunne skje. Føretaket ønskte å bygge på ein eigedom i planområdet og fekk dispensasjon frå rekkefølgekrava mot å inngå ein utbyggingsavtale med kommunen. I avtalen tok føretaket på seg å betale ein del av kostnadene til vegtiltaka, medan kommunen skulle sørge for at dei blei gjennomførte. Kommunen bestemte seg for å la kontantbidraget på 158 millionar kroner gå inn som ein del av bidraget frå kommunen til ein omfattande infrastrukturpakke – Førdepakken. Vegtiltaka blei utførte som ein del av Førdepakken og stod ferdige i 2020.

Høgsteretts fleirtal på fire dommarar la til grunn at regelen om betaling av kontantbidrag var ugyldig på grunn av brestande føresetnader, og at kommunen måtte betale tilbake beløpet. Mindretalet på éin dommar var einig med kommunen i at utbyggingsavtalen var gyldig. Éin av dommarane i fleirtalet slutta seg i ein særmerknad til grunngivinga frå mindretalet på eitt punkt.

Dommen gir rettleiing om plan- og bygningslova § 17-3 og vilkåra for ugyldigheit på grunn av brestande føresetnader.

Les heile avgjerda