Kravet om utbetaling av forsikring var forelda

Høgsteretts dom 7. desember 2021, HR-2021-2404-A, (sak nr. 21-117215SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

Eika Forsikring AS (advokat Karoline Dorthea Stenberg) mot A (advokat Edvard Terje Eide)

Dommarar: Skoghøy, Matheson, Kallerud, Ringnes, Falch

Eit forsikringsselskap hadde avslått kravet frå ein kunde om å få utbetalt forsikring. Kunden kunne da ikkje slå seg til ro med å avbryte seksmånadersfristen etter forsikringsavtalelova § 8-5 andre ledd ved å ta ut forliksklage mot selskapet. Høgsterett kom samrøystes til at denne fristen er ein foreldingsfrist. Verknaden av at fristen er avbroten, opphøyrer da eitt år etter at forliksrådet har innstilt behandlinga av saka, jf. tvistelova § 18-3 andre ledd. Kunden hadde fått melding om dette. Da kunden tok ut stemning mot selskapet ti månader etter at eittårsfristen var utløpt, var kravet for lengst forelda.

Dommen avklarer at seksmånadersfristen i forsikringsavtalelova § 8-5 andre ledd er ein særleg foreldingsfrist som løper når forsikringsselskapet har sendt melding om avslag på krav om utbetaling av forsikring.

Les heile avgjerda