Krav om lovheimel når kommunen i kraft av si eigarrådigheit forbyr utleige av elsparkesyklar på kommunal grunn

Høgsteretts dom 16. desember 2021, HR-2021-2510-A, (sak nr. 21-093372SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

Trondheim kommune (Trondheim kommune v/Kommuneadvokaten v/advokat Øystein Block), Staten v/Samferdselsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Torje Sunde) (partshjelpar), KS – Kommunesektorens organisasjon (advokat Øyvind Renslo) (partshjelpar) mot Ryde Technology AS (advokat Anders Christian Stray Ryssdal)

Dommarar: Øie, Indreberg, Falkanger, Arntzen, Sæther

Trondheim kommune vedtok i kraft av å vere grunneigar ei ordning der berre tre utvalde aktørar skulle ha lov til å leige ut elsparkesyklar på kommunal grunn. Det blei gjennomført ein anbodskonkurranse der tre aktørar blei valde ut. Ein aktør som ikkje sende inn anbod, heldt likevel fram med å utplassere og omplassere elsparkesyklar fordi han meinte at kommunen ikkje i kraft av si eigarrådigheit kunne forby slik verksemd.

Eit fleirtal på fire dommarar kom, som tingretten og lagmannsretten, til at vedtaket kravde heimel i lov. Det blei særleg lagt vekt på vedtakstypen, formålet, samfunnsområdet det retta seg mot, og at det knytte seg til bruken av retten for borgarane til å ferdast på offentleg veg. Det hadde også betydning at det gjer seg gjeldande ulike syn i befolkninga på kor strengt utleige av elsparkesyklar bør regulerast, slik at rammene for ei kommunal regulering eventuelt burde behandlast av Stortinget og fastsettast i lov. Det blei presisert at ei slik regulering står i ei anna stilling enn når stat og kommune som eigar av veggrunnen regulerer høvet til å disponere eit bestemt og avgrensa fysisk område langs vegen – for eksempel til å reklamere for eller selje varer.

Eit mindretal på éin dommar meinte at kommunen i kraft av si eigarrådigheit kan krevje at næringsdrivande som vil utplassere og drive kommersiell utleige av elsparkesyklar på eigedommane til kommunen , må ha samtykke frå kommunen.

Etter lagmannsrettsdommen i saka vedtok Stortinget ei eiga lov om utleige av små elektriske køyretøy, som gir kommunane høve til å regulere utleige ved forskrift.

Avgjerda gir rettleiing om i kva utstrekning kommunale myndigheiter kan regulere bruken av kommunal grunn i kraft av si eigarrådigheit.

Les heile avgjerda