Lønnstrekket frå arbeidsgivaren var ulovleg

Høgsteretts dom 17. desember 2021, HR-2021-2532-A, (sak nr. 21-070242SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

Eltel Networks AS (advokat Joakim Augeli Karlsen) mot A (advokat Jan Arild Vikan)

Dommarar: Indreberg, Kallerud, Bergsjø, Falch, Høgetveit Berg

Høgsterett kom til at arbeidsmiljølova § 14-15 andre ledd forbaud ein arbeidsgivar å trekke ein arbeidstakar i lønn for å dekke inn tidlegare for mykje utbetalt diettgodtgjering. Høgsterett kom vidare til at tilbakebetalingskravet frå arbeidsgivaren uansett var falle bort.

I arbeidsavtalen var det tatt inn ein klausul om at dersom arbeidsgivaren gjorde feil ved lønnsutbetalinga, kunne nødvendig korrigering skje i seinare lønnsutbetalingar. Arbeidsgivaren gjorde derfor gjeldande unntaket i § 14-15 andre ledd bokstav c, som gir rett til lønnstrekk når det på førehand er fastsett ved skriftleg avtale.

Høgsterett kom til at lovføresegna må tolkast slik at den avtalen lønnstrekket bygger på, må konkretisere det aktuelle lønnstrekket. Når arbeidsavtalen var inngått lenge før feilutbetalingane skjedde, var vilkåret ikkje oppfylt.

Høgsterett kom vidare til at avtaleklausulen ikkje regulerte tilbakebetalingskravet frå arbeidsgivaren. Kravet om tilbakebetaling måtte derfor avgjerast etter den ulovfesta regelen om oppgjerskorreksjon, såkalla condictio indebiti. I dette tilfellet var arbeidsgivaren klar over at han utbetalte uriktig diettgodtgjering. Feilutbetalingane kom av at det tok tid å oppdatere datasystemet til selskapet etter regelendringar. Når arbeidstakaren hadde mottatt godtgjeringa i god tru og arbeidsgivaren ikkje hadde varsla eller tatt atterhald om at utbetalingane var uriktige, var tilbakebetalingskravet gått tapt.

Éin dommar dissenterte og røysta for at arbeidsgivaren måtte vinne fram. Han kom til at lovføresegna tillèt lønnstrekk når det er inngått ein slik førehandsavtale som i saka her. I tillegg kom dommaren til at avtaleklausulen gav arbeidsgivaren krav på tilbakebetaling. Regelen om condictio indebiti kom derfor ikkje til bruk.

Les heile avgjerda