Ikkje grunnlag for å få dekt sakskost-nader der endringsvedtak har bak-grunn i forhold som forvaltninga ikkje kan kontrollere

Høgsteretts dom 21. desember 2021, HR-2021-2552-A, (sak nr. 21-095562SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

A (advokat Olav Lægreid), Den Norske Advokatforening (partshjelpar) (advokat Kaare Andreas Shetelig) mot Staten v/Arbeids- og velferdsdirektoratet (Regjeringsadvokaten v/advokat Ida Hjort Kraby)

Dommarar: Falkanger, Kallerud, Falch, Østensen Berglund, Sæther

Forvaltningslova § 36 gav ikkje grunnlag for å krevje sakskostnader fordi endringa av eit forvaltningsvedtak hadde bakgrunn i forhold som forvaltninga ikkje kunne kontrollere.

Ei kvinne med diagnosen ME hadde fått avslag på søknad om uføretrygd og på ein etterfølgande klage fordi vilkåret om gjennomføring av arbeidsretta tiltak ikkje var oppfylt. Etter at det var forsøkt slike tiltak, blei det klart at ho ikkje var i stand til å gå ut i arbeidslivet. Nav Klageinstans omgjorde da vedtaket sitt, og kvinna fekk likevel innvilga uføretrygd. Kvinna fremma krav om sakskostnader knytte til advokatutgifter som var pådratt i klageomgangen.

Høgsterett kom til at forvaltningslova § 36 ikkje gav heimel for å dekke kravet. Etter ordlyden i lova blir ikkje sakskostnader der endringa har bakgrunn i forhold som forvaltninga ikkje kan kontrollere, dekte. Høgsterett peikte på at der omgjeringa kjem av feil i saksbehandlinga, avgjerdsgrunnlaget eller lovbruken, eller der det ligg føre andre ugyldigheitsgrunnar, vil forholda vere innanfor det forvaltninga kan kontrollere. Det same gjeld normalt der endringa kjem av ei endra skjønnsvurdering eller nye rettslege, faglege eller politiske omsyn. Derimot vil forholda ligge utanfor det forvaltninga kan kontrollere, dersom omgjeringa kjem av at dei faktiske omstenda har endra seg etter vedtakstidspunktet. Det er da som hovudregel ikkje grunnlag for å tilkjenne sakskostnader, med mindre forvaltninga sjølv hadde kontroll over dei faktiske omstenda som leidde til det endra vedtaket. Kjem omgjeringa av opplysningar som belyser forholda på vedtakstidspunktet, vil ein part ha krav på dekning av sakskostnader i tilfelle der forvaltninga ikkje har oppfylt utgreiingsplikta.

I dette tilfellet låg rapporten frå arbeidstiltaket føre først etter at søknaden om uføretrygd var avslått, og etter at klagen var behandla første gong i klageinstansen. Høgsterett kom på denne bakgrunnen til at dei nye opplysningane låg utanfor det forvaltninga kunne kontrollere.

Dommen gir rettleiing om korleis ein skal forstå kontrollvilkåret i forvaltningslova § 36.

Les heile avgjerda