Frist for arbeidstakarar for å reise søksmål ved verksemdsoverdraging
Høgsteretts orskurd 21. desember 2021, HR-2021-2554-A, (sak nr. 21-090917SIV-HRET), sivil sak, anke over orskurd.
Aker Solutions AS (advokat Kurt Weltzien) mot A, B (advokat Eyvind Mossige), C, D, Landsorganisasjonen i Noreg (partshjelpar) (advokat Tina Storsletten Nordstrøm)
Dommarar: Falkanger, Noer, Kallerud, Falch, Sæther
Tre arbeidstakarar blei sagde opp etter at bedrifta dei arbeidde i, tapte ein anbodskonkurranse. Etter at dei oppdaga at andre arbeidstakarar i den same bedrifta hadde fått jobb i selskapet som vann anbodskonkurransen, reiste dei søksmål med påstand om at arbeidsforholdet deira var blitt vidareført til ein ny arbeidsgivar etter reglane om verksemdsoverdraging. Det blei også sett fram krav om erstatning.
Spørsmålet for Høgsterett var om søksmålsfristen etter arbeidsmiljølova § 16-4 i ein slik situasjon løper frå oppseiingstidspunktet eller først frå tidspunktet for verksemdsoverdraginga. Utgangspunktet i arbeidsmiljølova er at føresegnene i kapittel 17, mellom anna reglane om søksmålsfristar, også gjeld ved verksemdsoverdraging, jf. § 16-4. Men tilvisingane til føresegnene i kapittel 17 gjeld berre «så langt de passer», noko som opnar for at reglane kan tilpassast dei særlege omsyna og behova som gjer seg gjeldande ved verksemdsoverdragingar.
Høgsterett uttalte at det skal ein del til før fristreglar, som stiller særlege krav til klare og føreseielege vilkår, skal fråvikast fordi dei ikkje passar. Formålsbetraktningar og samanhengen med kapittel 16 elles peikte likevel klart i retning av at oppseiingstidspunktet ikkje passa som utgangspunkt for friststarten. Dersom oppseiingstidspunktet blei lagt til grunn, ville det lett kunne oppstå situasjonar der arbeidstakarane for seint oppdaga at det hadde funne stad ei verksemdsoverdraging, slik at det ikkje lenger ville vere mogleg å bringe saka inn for retten. Lova må derfor tolkast slik at fristen for å reise søksmål mot verksemda som overtok, først løper frå tidspunktet for overdraging.
Avgjerda gir rettleiing om søksmålsfristane i arbeidsmiljølova når det er pretendert at det ligg føre ei verksemdsoverdraging.