Forelding av krav på tilbakebetaling av landbruksstøtte
Høgsteretts dom 22. desember 2021, HR-2021-2571-A, (sak nr. 21-086055SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
A, B (advokat Aslak Runde) mot Staten v/Landbruks- og matdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Hilde Ruus)
Dommarar: Webster, Normann, Ringnes, Bergh, Thyness
Høgsterett kom til at eit krav på tilbakebetaling av uriktig utbetalt omleggingstilskot til økologisk drift var forelda, medan kravet om tilbakebetaling som følge av avkorting ikkje var forelda.
A og B er gardbrukarar. Dei la om til økologisk drift og fekk innvilga omleggingstilskot i to år. I fleire år etter toårsperioden søkte dei og fekk utbetalt ytterlegare omleggingstilskot trass i at dei ikkje hadde krav på det. Landbruksmyndigheitene gjorde i medhald av forskrift om produksjonstilskudd vedtak om tilbakebetaling av uriktig utbetalt tilskot og avkorting i andre tilskot. Avkortinga medførte at også delar av eit utbetalt rettkomme tilskot skulle tilbakebetalast.
Spørsmålet i saka var når foreldingsfristen begynner for tilbakebetalingskrava. Høgsterett kom til at krava om tilbakebetaling av uriktig utbetalt tilskot må reknast som obligasjonsrettslege tilbakesøkingskrav som oppstår og kan krevjast tilbakebetalte på tidspunktet for feilutbetalinga. Det er meir enn tre år sidan utbetalingane, og krava er forelda.
Høgsterett kom vidare til at krava om tilbakebetaling av avkortingsbeløp først oppstår på det tidspunktet det blir gjort vedtak om avkorting og tilbakebetaling. Forelding kan tidlegast begynne å løpe frå dette tidspunktet. Desse krava er ikkje forelda.
Saka reiste også spørsmål om opphavleg ugyldige tilskotsvedtak som følge av tida som var gått sidan dei blei gjorde, må reknast som gyldige med den verknaden at omgjering ikkje lenger er aktuelt. Høgsterett viste til at A og B hadde forårsaka utbetalingane ved eiga aktløyse, og at det var utvilsamt at vedtaka framleis var ugyldige.
Avgjerda gir avklaring om fristutgangspunktet for forelding av krav som blir fremma av det offentlege etter vedtak. Vidare gir avgjerda rettleiing om høvet til å omgjere vedtak som er ugyldige som følge av innhaldsmangel, når det er gått lang tid sidan vedtaka blei gjorde.