Tilbakekall av opphaldsløyve som føl-ge av omgåingsekteskap

Høgsteretts dom 22. desember 2021, HR-2021-2572-A, (sak nr. 21-096293SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

A (advokat Nadin Askeland Humlen) mot Staten v/Utlendingsnemnda (Regjeringsadvokaten v/advokat Pål Erik Wennerås)

Dommarar: Øie, Normann, Ringnes, Bergh, Sæther

Vedtaket i Utlendingsnemnda om tilbakekall var blitt kjent gyldig av tingretten og lagmannsretten. Høgsterett forkasta anken over rettsbruken i lagmannsretten.

Ein no 47 år gammal mann kom til Noreg i 2004. Han inngjekk same året ekteskap med ei norsk kvinne. I 2006 fekk han opphaldsløyve på grunnlag av ekteskapet. Løyvet blei seinare fornya fleire gonger. I 2012 fekk han permanent opphaldsløyve. Utlendingsnemnda gjorde i 2019 vedtak om tilbakekall bygd på at ekteskapet blei vurdert til å vere eit omgåingsekteskap.

Hovudspørsmålet i saka for Høgsterett var om vilkåra etter utlendingslova for at det skal ligge føre eit omgåingsvedtak, var dei same også før den no gjeldande utlendingslova tredde i kraft i 2010. Høgsterett stadfesta det.

Les heile avgjerda