Domsmyndigheit i arvetvist under privat skifte

Høgsteretts orskurd 15. februar 2021, HR-2021-291-A, (sak nr. 20-093263SIV-HRET), sivil sak, anke over orskurd.

A, B, C, D, E, F, G, H, I, J, K, L, M (advokat Claus Krag Brynildsen) mot N (advokat Marie Nesvik)

Dommarar: Øie, Noer, Arntzen, Thyness, Steinsvik

Saka gjaldt domsmyndigheita til norske domstolar i ein arvetvist som var oppstått under privat skifte med internasjonale forgreiningar.

Arvelataren døydde i 2009 på Gran Canaria. Han var norsk statsborgar med registrert bustad i Sveits. Han etterlét seg ein betydeleg formue. Midlane var hovudsakleg plasserte i fast eigedom i Noreg og i utanlandske bankar, særleg i Luxembourg og Sveits.

Spørsmålet var om ein testamentsarving busett i Sør-Afrika kunne reise søksmål ved Oslo tingrett mot testamentsarvingar busette i Noreg. Saksøkaren kravde dom for at den testamentariske disposisjonen til fordel for han var gyldig, og for at arvingane skulle betale ut hans del av arven.

Høgsterett kom til at det ikkje gjeld eit ulovfesta prinsipp om at arvetvistar under privat skifte skal reisast for domstolar i det landet den avdøde sist hadde som fast opphaldsstad. Oslo tingrett har da domsmyndigheit etter vernetingsregelen i tvistelova § 4-4 om alminneleg verneting.

Anken over orskurden i lagmannsretten blei forkasta.

Avgjerda avklarer kompetansen til norske domstolar i arvetvistar under privat skifte med internasjonale forgreiningar.

Les heile avgjerda