Oppheving av gjeldsordning – forståinga av omgrepet «uredelighet»
Høgsteretts orskurd 15. februar 2021, HR-2021-300-A, (sak nr. 20-123772SIV-HRET), sivil sak, anke over orskurd.
Nordea Bank Abp, filial i Noreg (advokat Torjus Hulbak) mot A (advokat Christian Fredrik Bonnevie Hjort)
Dommarar: Webster, Falkanger, Bergsjø, Ringnes, Østensen Berglund
Ein skyldnar inngjekk ein avtale om frivillig gjeldsordning med fordringshavarane sine, jf. gjeldsordningslova kapittel 4. Mot slutten av perioden blei ein av fordringshavarane merksam på at skyldnaren hadde hatt høgare inntekt enn det som var lagt til grunn i avtalen, og kort tid etter blei skyldnaren også dømd til fengsel for grove bedrageri.
Fordringshavaren kravde at ordninga skulle opphevast, medan skyldnaren fremma eit endringsforslag. Verken tingretten eller lagmannsretten fann grunnlag for å oppheve eller endre gjeldsordninga.
Etter gjeldsordningslova § 6-2 kan ei gjeldsordning opphevast dersom skyldnaren har gjort seg skyldig i «uredelighet». Spørsmålet for Høgsterett var om dette vilkåret er avgrensa til uheiderleg framferd i kraft av å vere skyldnar. Høgsterett la til grunn at omgrepet femnde klart vidare enn dette, men likevel slik at framferda måtte knyte seg til forhold som med rimeleg grunn kan seiast å ha relevans for fordringshavarane eller gjeldsordningsinstituttet. Dette kan for eksempel vere forhold som svekker tilliten fordringshavarane har til skyldnaren, eller forhold som har direkte eller indirekte økonomiske konsekvensar for fordringshavarane. Også framferd som kan undergrave systemet med gjeldsordning, vil vere relevant. Det kan ikkje stillast krav om at stillinga til fordringshavarane får mindre verdi som følge av den uheiderlege framferda.
Lagmannsretten hadde lagt til grunn at klanderverdige handlingar som ikkje hadde gått ut over økonomien til kreditorane, fall utanfor omgrepet «uredelighet». Dette var ei uriktig forståing, og orskurden i lagmannsretten blei oppheva.
Saka gir rettleiing for forståinga av gjeldsordningslova § 6-2 tredje ledd.