Nei til EU kan reise sak om EUs tredje energimarknadspakke
Høgsteretts orskurd 1. mars 2021, HR-2021-417-P, (sak nr. 20-072085SIV-HRET), sivil sak, anke over orskurd.
Nei til EU (advokat Kjell Magnus Brygfjeld) (rettsleg medhjelpar: advokat Bent Endresen) mot staten v/Utanriksdepartementet (regjeringsadvokat Fredrik Sejersted)
Dommarar: Justitiarius Øie og dommarane Skoghøy, Indreberg, Webster, Matheson, Falkanger, Normann, Noer, Bull, Kallerud, Bergsjø, Ringnes, Arntzen, Falch, Bergh, Østensen Berglund og Thyness
Bakgrunn for saka
Nei til EU har reist sak mot staten fordi organisasjonen oppfatta at det var i strid med Grunnlova at Stortinget med alminneleg fleirtal samtykte i å ta EUs tredje energimarknadspakke inn i EØS-avtalen. Samtykket gjeld, slik organisasjonen ser det, ei så inngripande overføring av myndigheit til eit internasjonalt organ at vedtaket skulle vore gjort med tre fjerdedels fleirtal.
Staten meiner at søksmålet må avvisast fordi det ikkje gjeld ein konkret rettstvist som kan reisast for domstolane. Tingretten og lagmannsretten gav staten medhald i dette. Også for Høgsterett er det i denne omgangen berre spørsmål om søksmålet skal fremmast for retten.
Høgsterett slår fast at domstolane i prinsippet kan prøve om Stortinget gjekk fram i samsvar med Grunnlova da det gav sitt samtykke
Stortinget vedtok i 2015 ein ny § 89 i Grunnlova. Føresegna fastset, i tråd med langvarig rettspraksis, at domstolane har rett og plikt til å prøve om bruken av ei lovføresegn eller andre vedtak vil vere i strid med Grunnlova. Paragrafen blei presisert i 2020. Ein samla Høgsterett slår fast at § 89 i prinsippet opnar for domstolskontroll av eit stortingsvedtak om samtykke til å inngå internasjonale avtalar.
Høgsterett er delt når det gjeld korleis grunnlovsspørsmålet kan prøvast
Høgsterett delte seg i eit fleirtal på tolv og eit mindretal på fem når det gjaldt under kva omstende slike grunnlovsspørsmål kan prøvast. Ueinigheita knyter seg til kva avgrensingar som følger av Grunnlova § 89 om domstolskontroll og tvistelova § 1-3, jf. § 1-4 om kva slags saker som kan reisast for domstolane.
Fleirtalet meiner at ingen av føresegnene hindrar søksmålet frå Nei til EU. Mindretalet meiner at Grunnlova § 89 stenger for å fremme saka. Sidan føresegner i lov må vike dersom dei er i strid med Grunnlova, var det ikkje grunn for mindretalet til å ta stilling til søksmålsretten etter tvistelova.