Barnevern – fastsetting av samvær
Høgsteretts dom 2. mars 2021, HR-2021-474-A, (sak nr. 20-140524SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
A, B (advokat Geir Olav Pedersen) mot X kommune (advokat Frode Lauareid)
Dommarar: Skoghøy, Noer, Ringnes, Østensen Berglund, Steinsvik
Høgsterett sette samværet mellom biologiske foreldre og den seks år gamle dottera deira til to timar seks gonger i året. I lagmannsretten var samværet sett til to timar tre gonger i året.
Jenta blei plassert i fosterheimen da ho var sju månader gammal, på grunn av alvorleg omsorgssvikt frå foreldra si side. I perioden etter dette har det vore mellom to og fire samvær i året mellom barnet og foreldra.
Høgsterett gjer i dommen ein gjennomgang av dei rettslege utgangspunkta for fastsettinga av samvær i saker der målsettinga om gjenforeining mellom foreldre og barn ikkje er endeleg oppgitt. Det blir understreka at det ikkje går noka skarp grense mellom saker der målet om gjenforeining framleis står ved lag, og der gjenforeining ikkje lenger er mogleg. Samværsordninga må legge til rette for å styrke og utvikle banda mellom foreldre og barn, og eit samværsomfang på mellom tre og seks samvær i året vil i utgangspunktet ikkje vere tilstrekkeleg til å oppfylle dette. Samtidig er omsynet til barnets beste grunnleggande, og samværsordninga må ikkje settast slik at barnet blir utsett for ei urimeleg belastning, eller slik at det er skadeleg for helsa eller utviklinga til barnet. Høgsterett strekar vidare under at det er viktig å ta omsyn til korleis barnet sjølv opplever det.
I lys av at det hadde vore ei positiv utvikling i samværa i saka, fann Høgsterett at samværsomfanget måtte aukast i forhold til det som var bestemt i lagmannsretten.
Dommen gir rettleiing for fastsettinga av samvær i barnevernssaker.
Saka er behandla i samanheng med HR-2021-475-A og HR-2021-476-A.