Barnevern – samvær etter omsorgs-overtaking

Høgsteretts dom 2. mars 2021, HR-2021-475-A, (sak nr. 20-137359SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

A, B (advokat Pirashanthy Sivabalachandran) mot X kommune (advokat Frode Lauareid)

Dommarar: Skoghøy, Noer, Ringnes, Østensen Berglund, Steinsvik

Lagmannsretten hadde fastsett samværet mellom foreldra og to barn på høvesvis sju og elleve år til tre timar fire gonger i året. Samværet blei auka med eitt samvær, til fem gonger i året. Målet om gjenforeining mellom barna og dei biologiske foreldra var ikkje oppgitt. På grunn av at barna var sårbare, reaksjonar etter samvær og utfordringar med kvaliteten i samværa var det likevel nødvendig å avgrense samværsomfanget til fem årlege samvær på det noverande tidspunktet.

Barna hadde minoritetsbakgrunn, og eit moment ved samværsfastsettinga var retten deira til å vareta eigen kultur mv., jf. FNs barnekonvensjon artikkel 30 og artikkel 20 nr. 3.

Saka blei behandla i samanheng med HR-2021-474-A og HR 2021 476-A. I den førstnemnde dommen blir det gjort nærmare greie for dei rettslege utgangspunkta for fastsettinga av samvær i saker der målsettinga om gjenforeining mellom foreldre og barn ikkje er endeleg oppgitt.

Dommen gir rettleiing for fastsettinga av samvær i barnevernssaker.

Les heile avgjerda