Krav mot utbygger fra kjøpere av leiligheter i et eierseksjonssameie om retting av mangler ved felles garasjeanlegg, jf. bustadoppføringslova § 32
Høgsteretts dom 4. mars 2021, HR-2021-493-A, (sak nr. 20-097636SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
Brit Sanness, Torstein Sanness, Glenn Sverre Hellum, Torgeir Valdal, Laila Valdal, Roy Åsheim, Jan Christensens dødsbu, Per Kølner, Huiying Qian Kølner (advokat Håkon Ustaheim) mot Jarlsø Eiendom AS (advokat Daniel Wikstøl)
Dommarar: Falkanger, Normann, Bergsjø, Arntzen, Thyness
Høgsterett kom til at bustadoppføringslova § 32 måtte tolkast innskrenkande. Den enkelte sameigaren kunne ikkje krevje at utbyggaren retta manglar i fellesareal. Eit slikt søksmål måtte fremmast av styret, eventuelt av alle sameigarane i fellesskap. Om løysinga kunne blitt annleis om rettinga praktisk sett berre hadde angått dei sameigarane som hadde fremma kravet, fann Høgsterett det ikkje nødvendig å ta stilling til.
Saka gjaldt utbygging av eit leilegheitskompleks med 30 leilegheiter som var seksjonerte i samsvar med eigarseksjonslova. Utbyggaren stod for både utbygging og sal av leilegheitene. Leilegheitene blei selde medan bygget var under oppføring, og mangelskravet frå kjøparane var forankra i bustadoppføringslova. Kjøparane fekk einerett til bruken av ei bestemt leilegheit og rett til bruk av fellesareala. Til kvar eigarseksjon følgde det med ein oppmerkt garasjeplass i parkeringskjellaren ved anlegget. Utbyggaren hadde erkjent at det var manglar ved asfaltdekket i parkeringsanlegget, men godtok ikkje at den enkelte kjøparen/seksjonseigaren kunne få dom for utbetring av manglar i fellesareala.
Avgjerda gir rettleiing for tolkinga av bustadoppføringslova § 32. Dommen avklarer kva for mishaldssanksjonar kjøparar av leilegheiter i eit seksjonssameige kan gjere gjeldande mot ein utbyggar når det er manglar ved fellesareal.