Forelding av erstatningskrav som følge av manglande innbetaling av arbeidsgivaravgift

Høgsteretts dom 9. mars 2021, HR-2021-530-A, (sak nr. 20-115979SIV-HRET)

A (advokat Audun Lillestølen) mot Staten v/Finansdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Ida Thue)

Dommarar: Webster, Arntzen, Østensen Berglund, Thyness, Steinsvik

Saka gjaldt erstatningskrav frå staten mot den tidlegare styreleiaren i eit bemanningsselskap som ikkje hadde betalt inn arbeidsgivaravgift. Spørsmålet var om foreldingsfristen først begynner å løpe når skattemyndigheitene har gjort eit endringsvedtak mot det avgiftspliktige selskapet i ein situasjon der selskapet har gått konkurs.

Fleirtalet på tre dommarar kom til at foreldingsfristen kunne begynne å løpe sjølv om det ikkje var gjort eit endringsvedtak i ein situasjon der det avgiftspliktige selskapet var konkurs eller det av andre grunnar var på det reine at selskapet sjølv var ute av stand til å betale avgiftskravet. Kravet mot styreleiaren var da forelda.

Mindretalet på to dommarar meinte at det økonomiske tapet ikkje oppstod før det var gjort eit endringsvedtak mot selskapet. Kravet var slik mindretalet såg det, ikkje forelda.

Avgjerda har betydning ved vurderinga av utgangspunktet for foreldingsfristen for erstatningskrav på grunn av misleghald av avgiftskrav etter foreldingslova § 9.

Les heile avgjerda