Arbeidsrett – oppseiing i prøvetida

Høgsteretts dom 18. mars 2021, HR-2021-605-A, (sak nr. 20-158072SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

A (advokat Øyvind Hasli-Nielsen) mot X AS (advokat Eivind Arntsen)

Dommarar: Webster, Matheson, Noer, Arntzen, Steinsvik

Høgsterett kom til at oppseiinga av ein servitør i prøvetida var ugyldig. Oppseiinga var grunngitt med at mannen ikkje var påliteleg fordi han hadde gitt villeiande opplysningar da han søkte stillinga.

Mannen fekk jobb som servitør ved ein betre restaurant i Oslo utan å opplyse om at han rett før hadde blitt gitt avskjed ved ein annan, liknande restaurant på grunn av samarbeidsproblem og skuldingar om truslar mv. Denne oppseiinga blei seinare kjend ugyldig i ein rettskraftig dom frå Oslo tingrett.

Høgsterett tok utgangspunkt i at ein arbeidssøkar ikkje kan gi direkte villeiande informasjon om seg sjølv og tidlegare arbeidsforhold. Samtidig vil arbeidssøkaren ha rett til primært å trekke fram det som taler til hans fordel. Ei eventuell opplysningsplikt vil først og fremst vere avhengig av om informasjonen gjeld spørsmål om faglege kvalifikasjonar og arbeidserfaring som har direkte betydning for om arbeidssøkaren eignar seg for arbeidet.

Dersom arbeidssøkaren har halde tilbake opplysningar som han måtte forstå var vesentlege for arbeidsgivaren, og dette etter ei heilskapleg vurdering må vurderast som klart illojalt, kan det slik Høgsterett ser det, føre til oppseiing grunngitt med at arbeidssøkaren ikkje er påliteleg. Avgjerda må ta utgangspunkt i den kontraktsmessige lojalitetsplikta til arbeidsgivaren og arbeidssøkaren, men må tilpassast det grunnleggande omsynet at arbeidstakarar skal ha høve til å få ein ny sjanse, og at det primært er forhold som har direkte betydning for faglege kvalifikasjonar, arbeidssøkaren må opplyse om.

Dommen har betydning for opplysningsplikta for arbeidssøkarar og for høvet til å gå til oppseiing i prøvetida som følge av manglande opplysningar frå arbeidssøkaren si side.

Les heile avgjerda