Verksemdsoverdraging og pensjonsrettar

Høgsteretts dom 18. januar 2021, HR-2021-61-A, (sak nr. 20-070378SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

Læringsverkstedet AS (advokat Stein Kimsås-Otterbech) mot Overføringsavtalens sikringsordning (advokat Andreas Nordby)

Dommarar: Skoghøy, Falkanger, Noer, Ringnes, Thyness

Ved verksemdsoverdraging er hovudregelen at dei rettane og pliktene den tidlegare arbeidsgivaren hadde som følge av arbeidsavtalen eller arbeidsforholdet, blir overførte til den ny arbeidsgivaren, jf. arbeidsmiljølova § 16-2 første ledd. Dette omfattar også plikta til å betale premiar for såkalla ikkje-forsikringsbare ytingar på kommunal tenestepensjon. Særreglane for vidare opptening av pensjon i tredje ledd i føresegna gjeld ikkje plikta til å dekke slike premiar. Konsekvensen er at hovudregelen i første ledd kjem til bruk.

Sidan Overføringsavtalens sikringsordning hadde dekt premiar som verksemdservervaren var ansvarleg for, følgde det av alminnelege rettsgrunnsetningar at det var grunnlag for regress.

Dommen avklarer rekkevidda av arbeidsmiljølova § 16-2 første ledd når det gjeld kommunal tenestepensjon og grunnlag for regress.

Les heile avgjerda