Ein far som ei idrettsforeining har utestengt frå lokala der barna hans trener, har ikkje høve til å reise sak for domstolen
Høgsteretts orskurd 24. mars 2021, HR-2021-639-A, (sak nr. 20-145266SIV-HRET), sivil sak, anke over orskurd.
A (advokat Per Ove Marthinsen) mot X (advokat Bjørn Thomas Talén)
Dommarar: Indreberg, Kallerud, Arntzen, Østensen Berglund, Steinsvik
Etter ei hending medan barna var på trening, vedtok idrettsforeininga å nekte faren deira å vere til stades i lokala under treninga. Slik trenaren oppfatta det, var faren i dette tilfellet høgrøysta, insisterande og valdeleg overfor mora til barna. Faren aksepterte ikkje å bli utestengd, og advokaten hans tok saka opp med foreininga ved fleire høve. Foreininga heldt fast ved standpunktet sitt, og faren reiste sak med påstand om at vedtaket om utestenging var ugyldig.
Ein samla Høgsterett legg til grunn at ved vurderinga av om eit slikt søksmål skal kunne fremmast for domstolane, vil det ofte vere naturleg å ta utgangspunkt i kva behov saksøkaren har for å få avgjort kravet ved søksmål. Moment i denne vurderinga vil vere kor inngripande vedtaket er, og om det betyr mykje for velferda til saksøkaren. Ved den samla vurderinga bør det også leggast vekt på om det ut frå omsynet til rettssikkerheita til saksøkaren er rimeleg og naturleg at tvisten skal kunne bringast inn for domstolane. Eit moment her vil vere om tvisten er av ein slik karakter at han naturleg bør behandlast av idretten sine eigne organ.
Fleirtalet i Høgsterett – fire dommarar – kom til at vedtaket ut frå dei konkrete omstenda i saka var nokså lite inngripande for faren. Vedtaket reduserte ikkje i særleg grad høvet til å følge opp barna slik andre foreldre gjer. Saka reiser slik fleirtalet ser det, heller ikkje rettssikkerheitsspørsmål som tilseier at saka bør fremmast. Fleirtalet meinte at det ikkje er naturleg og rimeleg å tillate at denne tvisten blir bringa inn for domstolane, og at tvisten dermed høyrer inn under sjølvstyret til foreininga.
Mindretalet har eit anna syn på kor inngripande vedtaket er, og på behovet for rettsleg prøving. Faren er i nærmare fire år sett i ei særstilling og kan ikkje følge opp barna sine eller foreldreaktivitetar på ein naturleg måte, slik som andre foreldre kan. Det bør kunne prøvast om vedtaket tilfredsstiller grunnleggande krav til forsvarleg saksbehandling og ikkje er utslag av at idrettsforeininga har misbrukt myndigheita si. Dette må spesielt gjelde når utestenginga er grunngitt med at den føresette skal ha oppført seg skremmande og brukt vald.
Avgjerda avklarer høvet til å reise sak mot ei idrettsforeining som har gjort vedtak å om stenge ein føresett ute frå arrangementa til foreininga.