Høvet til å plassere ein ungdom i institusjon etter fylte 18 år
Høgsteretts orskurd 24. mars 2021, HR-2021-640-A, (sak nr. 21-005310SIV-HRET), sivil sak, anke over vedtak.
A (advokat Jon Anders Hasle) mot X kommune (Kommuneadvokaten i X v/advokat Espen Hansen)
Dommarar: Indreberg, Bergsjø, Arntzen, Østensen Berglund, Steinsvik
Lagmannsretten hadde ikkje gitt samtykke til ankebehandling i ei sak om høve til å plassere og halde tilbake ein ungdom i institusjon etter fylte 18 år utan samtykke frå ungdommen sjølv.
Spørsmålet for Høgsterett var om lagmannsretten skulle ha gitt samtykke til behandling av anken fordi det kunne innebere ei krenking av Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 5 nr. 1 bokstav e dersom tingrettsdommen blei ståande som det endelege resultatet i saka.
Etter barnevernlova § 4-24 kan eit barn som følge av alvorlege åtferdsvanskar ved vedvarande misbruk av rusmiddel plasserast i institusjon i opptil tolv månader. Dersom plasseringa er sett i verk før barnet fyller 18 år, kan tiltaket gjennomførast sjølv om vedkommande fyller 18 år i løpet av plasseringstida. Dette føreset at vilkåret i EMK artikkel 5 nr. 1 bokstav e om fridomstap av «drug addicts» er oppfylt.
Høgsterett fann at føresegna føreset at det ved langvarig plassering ligg føre ei rusavhengigheit. Det er ikkje eit krav at det er stilt ein diagnose, men avhengig av omstenda kan det vere behov for ei nærmare medisinsk vurdering. Ved vurderinga av om kravet til avhengigheit er oppfylt, må det gjerast ei brei bevisvurdering basert på eit tilstrekkeleg og oppdatert avgjerdsgrunnlag. Vidare er ei tilfredsstillande grunngiving nødvendig. Det må gå fram av grunngivinga at det er gjort ei vurdering av avhengigheita hos vedkommande som bygger på eit tilstrekkeleg breitt og oppdatert grunnlag. Grunngivinga må vidare vise at det er gjort ei balansert avveging av ulike alternativ som viser at inngrepet er forholdsmessig og nødvendig.
I den konkrete saka kom Høgsterett til at grunngivinga i tingrettsdommen oppfylte desse krava. Det var derfor ingen feil at lagmannsretten ikkje hadde gitt samtykke til ankebehandling.
Orskurden har betydning for forståinga av barnevernlova § 4-24 og EMK artikkel 5 nr. 1 bokstav e.