Sal av bustad med skjeggkre

Høgsteretts dom 26. mars 2021, HR-2021-668-A, (sak nr. 20-144513SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

I.
Torunn Klefstad, Erlend Klefstad, HDI Global Specialty SE (advokat Arne Meidell) mot Ernst Ottar Nøkkevangen, Pøni Iren Peggy Nøkkevangen (advokat Johan Ivar Ansnes)

II.
Ernst Ottar Nøkkevangen, Pøni Iren Peggy Nøkkevangen (advokat Johan Ivar Ansnes) mot Torunn Klefstad, Erlend Klefstad, HDI Global Specialty SE (advokat Arne Meidell)

Dommarar: Skoghøy, Matheson, Falkanger, Arntzen, Østensen Berglund

At ein bustad seld «som den er» hadde hatt skjeggkre, gav ikkje kjøparane rett til prisavslag. Gjennom eit skadedyrfirma hadde seljarane retta mangelen. Ut frå rapportane frå firmaet og dei metodane som var brukte, måtte det leggast til grunn at bustaden var blitt fri for skjeggkre. Det var ikkje «godtgjort» noko verdifall som følge av risikoen for at bestanden tar seg opp igjen, jf. avhendingslova § 4-12 andre ledd. Det var da ikkje grunnlag for prisavslag for noko såkalla restlyte.

Kjøparane kunne heller ikkje krevje prisavslag for dei mellombelse bruksulempene dei hadde hatt som følge av rettinga frå seljarane si side. Utryddinga av skjeggkrea hadde skjedd innan rimeleg tid og utan urimeleg ulempe for kjøparane, slik avhendingslova § 4-10 første og tredje ledd krev. Gjennom rettinga var balansen i kontrakten gjenoppretta, og det var ikkje grunnlag for prisavslag for dei nemnde ulempene.

Avgjerda klargjer betydninga av at selde bustader tidlegare har hatt skjeggkre, og om kjøparar kan få prisavslag for mellombelse bruksulemper knytte til retting.

Les heile avgjerda