Ansvar etter bilansvarslova for parkert bil
Høgsteretts dom 19. april 2021, HR-2021-822-A, (sak nr. 20-012309SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
Gjensidige Forsikring ASA (advokat Merete Anita Utgård) mot KLP Skadeforsikring AS (advokat Vidar Kaurin Endal)
Dommarar: Indreberg, Kallerud, Ringnes, Bergh, Thyness
Ein bil som stod parkert i ein carport mellom to bustader, kom i brann som følge av feil ved det elektriske anlegget i bilen. Dei to bustadene fekk betydelege skadar. Forsikringsselskapet som hadde utferda bustadforsikringa, dekte skadane og søkte deretter regress hos forsikringsselskapet der bilen var trafikkforsikra.
Spørsmålet i saka var om unntaket frå det objektive bilansvaret for skade som «er gjord medan vogna er forsvarleg fråsegsett utanfor gate, veg eller annan stad der ålmenta kan ferdast», jf. bilansvarslova § 2 første ledd bokstav b, kom til bruk.
Høgsterett kom under dissens (4–1) til at unntaksføresegna ikkje kom til bruk, slik at skadane på bustadene var dekte av trafikkforsikringa.