Erstatningskrav etter dekningslova § 7-8
Høgsteretts dom 4. mai 2021, HR-2021-954-A, (sak nr. 20-127734SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
Moods Wholesale AS’ konkursbu (advokat Johnny Johansen) mot Barnas Hus Norge AS (advokat Johannes Sundet)
Dommarar: Matningsdal, Falkanger, Ringnes, Arntzen, Bergh
Etter at eit vareparti var levert til A, men ikkje betalt, gjekk seljaren av varene konkurs. Etter kort tid selde konkursbuet heile restlageret av same type varer til B til sterkt reduserte prisar. Som følge av dette måtte også A selje dei mottatte varene langt billigare enn planlagt. A meinte at det tapte dekningsbidraget dette førte til, gav eit erstatningskrav etter dekningslova § 7-8 som kunne brukast til å motrekne kravet på fakturaen for varene.
Eit fleirtal i Høgsterett (fire dommarar) fann det ikkje nødvendig å gå inn på spørsmålet om det ville ha vore eit kontraktsbrot om seljaren sjølv hadde selt varepartiet til B til den reduserte prisen. Under alle omstende meinte nemleg fleirtalet at salet som buet hadde gjennomført, ikkje utløyste eit krav etter § 7-8. Eit mindretal (éin dommar) hadde eit anna syn på dette spørsmålet, men meinte at det ikkje ville ha vore eit kontraktsbrot om seljaren sjølv hadde selt varepartiet til B til den reduserte prisen.
Saka klargjer det nærmare innhaldet i dekningslova § 7-8.