Lovval ved oppreisningserstatning etter skadeserstatningslova § 3-5 jf. § 3-3
Høgsteretts dom 4. mai 2021, HR-2021-955-A, (sak nr. 20-160019SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.
A (advokat John Christian Elden) mot B (advokat Marie Nesvik)
Dommarar: Matningsdal, Falkanger, Ringnes, Arntzen, Bergh
Ei amerikansk kvinne blei valdtatt på eit Bahamas-registrert cruiseskip som segla i internasjonalt farvatn. Overgriparen er norsk statsborgar og blei dømd for brot på straffelova § 292, jf. § 291, jf. § 5. Oppreisningskravet var gitt saman med straffekravet, jf. straffeprosesslova § 3. Lagmannsretten hadde tilkjent den skadelidne 150 000 kroner i oppreisning.
Høgsteretts vurdering var at retten på skadestaden, som er lagd til grunn som hovudregel for lovval ved erstatning utanfor kontrakt, ikkje er ein «fast» lovvalsregel for oppreisningskrav med grunnlag i alvorlege integritetskrenkingar som blir fremma i samband med ei straffesak. Lovvalet må derfor avgjerast etter den regelen som er utgangspunktet i norsk internasjonal privatrett – Irma Mignon-formelen. EU-forordninga Roma II ville ikkje føre til ein annan konklusjon.
Høgsterett kom vidare til at forholdet har nærmast tilknyting til Noreg, og la her vekt på at skadevaldaren er norsk statsborgar, og at oppreisningskravet er gitt av ein norsk domstol i samband med straffesaka. Tilknytinga til Bahamas er fjern og har berre grunnlag i at skipet er registrert i skipsregisteret til denne staten.
Anken frå skadevaldaren blei etter dette forkasta.
Dommen avklarer lovval ved krav om oppreisningserstatning ved alvorlege integritetskrenkingar.