Årsakssamanheng og økonomisk tap ved styreansvar

Høgsteretts dom 5. mai 2021, HR-2021-967-A, (sak nr. 20-164391SIV-HRET), sivil sak, anke over dom

A, B, C (advokat Asbjørn Breistein) mot Landskapsentreprenørene AS (advokat Leif Oscar Olsen)

Dommarar: Indreberg, Bull, Bergsjø, Falch, Høgetveit Berg

Høgsterett frifann tre styremedlemmer for eit erstatningskrav som var sett fram av ein selskapskreditor, grunngitt med at aktløysa til styremedlemmene ikkje hadde påført kreditoren noko økonomisk tap.

Lagmannsretten hadde komme til at styremedlemmene aktlaust hadde unnlate å opplyse kreditoren – ein underleverandør i eit løpande kontraktsforhold – om den svake økonomiske stillinga selskapet var i. Spørsmålet om det låg føre eit ansvarsgrunnlag, var endeleg avgjort av lagmannsretten.

Den erstatninga lagmannsretten hadde tilkjent, tilsvarte dei vederlaga kreditoren hadde opptent etter at aktløysa oppstod, og som kreditoren ikkje hadde fått betalt verken av selskapet eller av konkursbuet.

Høgsterett kom til at erstatninga måtte utmålast annleis: Erstatninga måtte tilsvare auken i ubetalte fordringar frå kreditorane i perioden frå aktløysa først oppstod, til konkursen. Fordi den uteståande fordringsmassen i dette tilfellet var blitt redusert i perioden, blei styremedlemmene frifunne.

Dommen gir rettleiing om korleis det økonomiske tapet skal utmålast i eit tilfelle der styremedlemmer er erstatningsansvarlege overfor ein selskapskreditor.

Les heile avgjerda