Forsettskravet ved drap
Høgsteretts dom 3. juni 2021, HR-2021-1207-A, (sak nr. 21-019432STR-HRET), straffesak, anke over dom.
Påtalemakta (riksadvokatfullmektig Daniel Sollie) mot A (advokat Øystein Ola Storrvik)
Dommarar: Skoghøy, Bergsjø, Ringnes, Bergh, Steinsvik
Saka gjaldt lovbruken i lagmannsretten i ei sak der det var tatt ut tiltale for drap, men der fleirtalet i lagmannsretten kom til at forsettet til gjerningsmannen ikkje omfatta dødsfølge. Høgsterett oppheva lagmannsrettsdommen fordi domsgrunnane etterlét tvil om forståinga av forsettskravet.
Under ein fest stakk den tiltalte ein kamerat med ein kjøkkenkniv etter at det hadde oppstått ein konfrontasjon mellom dei to. Kniven var om lag 19,5 cm lang. Stikket gjekk inn i brystkassa til kameraten like under venstre armhole og gjennom vitale organ. Kameraten døydde temmeleg snart etterpå av massive indre blødingar. Fleirtalet i lagmannsretten la til grunn at sjølve stikket var forsettleg, men at forsettet ikkje omfatta dødsfølge. Gjerningsmannen blei derfor dømd for grov kroppsskade med dødsfølge. Slik Høgsterett såg det, gav domsgrunnane ikkje noka tilfredsstillande forklaring på at sannsynsforsett for dødsfølga ikkje var funne bevist.
Dommen gir rettleiing om forståinga av sannsynsforsett.