Opphaldsforbod med elektronisk kontroll – såkalla omvend valdsalarm

Høgsteretts dom 1. juli 2021, HR-2021-1434-A, (sak nr. 21-040924STR-HRET), straffesak, anke over dom.

A (advokat John Christian Elden) mot Påtalemakta (statsadvokat Håvard Ryengen)

Dommarar: Webster, Falkanger, Bergsjø, Arntzen og Thyness

Ein mann som var funnen skuldig i vald og truslar mot sin tidlegare sambuar og kone, blei mellom anna dømd til ikkje å opphalde seg i ei sone som låg innanfor ti minutts køyring frå bustaden til den fornærma. Vilkåra for å føre elektronisk kontroll med at opphaldsforbodet blei etterlevd, var oppfylte, jf. straffelova § 57 femte ledd. Ved fastlegginga av størrelsen på sona blei det gjort ei forholdsmessigvurdering, der omsynet til den fornærma sitt behov for tryggleik blei vege mot ulempene den domfelte ville ha ved ikkje å kunne opphalde seg der. I denne samanhengen blei det særleg lagt vekt på risikoen for den fornærma, og for den domfelte høvet til å ha samvær med barna sine.

Dommen klargjer vurderingstemaa i straffelova § 57 om opphaldsforbod med elektronisk kontroll. 

Les heile avgjerda