Kravet om samtykke for tilgang til biologisk materiale i behandlingsbiobank

Høgsteretts orskurd 1. juli 2021, HR-2021-1436-A, (sak nr. 21-005349STR-HRET), straffesak, anke over orskurd.

Oslo universitetssjukehus HF (advokat Rune Ljostad) mot Påtalemakta
(førstestatsadvokat Trude Elisabeth Sparre)

Dommarar: Matheson, Noer, Bergsjø, Arntzen og Falch

Saka gjaldt eit krav frå politiet om å få utlevert ein sædprøve frå ein behandlingsbiobank for å skaffe ein DNA-profil til bruk i søket etter ein forsvunnen person. Etter lova krevst det samtykke frå givaren for å gi andre tilgang. Fleirtalet i lagmannsretten kom til at det er høve til å presumere eit samtykke i situasjonar der givaren er forsvunnen. Høgsterett var ueinig i dette og gav orskurd for at kravet om utlevering av sædprøve ikkje blir tatt til følge.

Sæden var avgitt for mange år sidan med tanke på ei mogleg kunstig befruktning av ein ektefelle eller sambuar. Givaren har vore sakna sidan 2010, og det er mistanke om at han er drepen. Politiet ønskte å bruke DNA-profilen hans til søk i utanlandske register over uidentifiserte lik. Høgsterett la ved vurderinga særleg vekt på at samtykkekravet i lova framstår som absolutt. Det er vidare gitt heimel for forskrift om at utlevering unntaksvis kan skje til påtalemakt eller domstol, men heimelen er ikkje tatt i bruk.

Orskurden gir rettleiing om forståinga av samtykkekravet i behandlingsbiobanklova § 15,, jf. § 13.

Les heile avgjerda