Stefar dømd til fengsel i åtte månader og 80 000 kroner i oppreisning for seksuelt overgrep mot stedottera

Høgsteretts dom 1. juli 2021, HR-2021-1438-A, (sak nr. 21-016217STR-HRET), straffesak, anke over dom.

I.
A (advokat Miriam Kristine Grimstad) mot Påtalemakta (kst. statsadvokat Kristine Knutsen-Berge)
II.
A (advokat Miriam Kristine Grimstad) mot B (advokat Arild Christian Dyngeland)

Dommarar: Matningsdal, Falkanger, Kallerud, Østensen Berglund og Høgetveit Berg

Ein stefar tukla med den vel 16 år gamle stedottera si utan samtykke frå henne. Ho var i ein vanskeleg livssituasjon, og tillitsbrotet frå stefaren si side var grovt.

Stefaren var tidlegare domfelt for mishandling i nære relasjonar i ein annan familiekonstellasjon. Høgsterett kom til at den handlinga han no blei domfelt for, ikkje er av «av samme art». Føresegna i straffelova § 79 bokstav b om forhøgd strafferamme kom derfor ikkje til bruk. Derimot fall forholdet inn under straffelova § 77 bokstav k fordi handlinga var «begått av noen som tidligere er ilagt en strafferettslig reaksjon for liknende handlinger eller andre handlinger som er av betydning for saken».

I dommen er det uttaler om betydninga av grunngitte avgjerder frå Høgsteretts ankeutval der ein anke over straffutmålinga ikkje er tillaten fremma.

Den psykiske skaden hos den fornærma fall inn under skadeserstatningslova § 3-5 bokstav a, og oppreisningserstatning blei tilkjend med 80 000 kroner.

Les heile avgjerda