Spørsmål om forvaring eller tidsavgrensa fengselsstraff for ein ung lovbrytar
Høgsteretts dom 7. oktober 2021, HR-2021-1963-A, (sak nr. 21-088512STR-HRET), straffesak, anke over dom.
A (advokat Øystein Ola Storrvik) mot Påtalemakta (kst. statsadvokat Thale Thomseth)
Dommarar: Falkanger, Bull, Falch, Østensen Berglund, Thyness
Ein mann som var 19 ½ år på gjerningstidspunkta, var dømd for i løpet av éin dryg månad å ha tent på tre garasjar i nabolaget der han budde. Den eine brannstiftinga kunne ført til tap av menneskeliv, medan dei to andre førte til store materielle øydeleggingar.
Tingretten fastsette straffa til fengsel i seks år, medan lagmannsretten dømde han til forvaring. Høgsterett viste til at terskelen for forvaring skal vere høg, og fann at grunnvilkåret for forvaring ikkje var oppfylt. Ved vurderinga blei det særleg vist til den unge alderen. Det blei også lagt vekt på at den domfelte, trass i psykiske utfordringar og tidlegare vanskar med rus, i liten grad hadde mottatt behandling. Han hadde slutta tidleg på skolen og ikkje vore i jobb, og mangla derfor den læringa og modningsprosessen som dette kunne ha bidratt til. Ettersom han ikkje var tidlegare domfelt, hadde han heller ikkje fått nokon korreksjon gjennom bruk av fengselsstraff. Samla fann Høgsterett det vanskeleg å legge til grunn at ei lang fengselsstraff vil vere utan betydning for åtferda hans i framtida. Ein samrøystes Høgsterett fastsette straffa til fengsel i seks år.
Dommen gir rettleiing om bruk av forvaring overfor unge lovbrytarar.