Straff for seksuell omgang med 15 år gammel jente
Høgsteretts dom 4. november 2021, HR-2021-2145-A, (sak nr. 21-120050STR-HRET), straffesak, anke over dom.
Påtalemakta (statsadvokat Sarah Rytterager) mot A (advokat Tore Angen)
Dommarar: Webster, Normann, Noer, Arntzen, Høgetveit Berg
Høgsterett kom til at ein kunne gi samfunnsstraff for ein mann på 22 år som hadde hatt samleie med ei jente frå ho var 15 år og 5 månader gammal.
Dei to var kjærastar da den seksuelle omgangen fann stad, og var framleis kjærastar da saka blei behandla i Høgsterett. Forholdet blei tilfeldig oppdaga av politiet.
Jenta ønskte ikkje at kjærasten skulle straffast. Påtalemakta meinte at straffa burde settast til fengsel utan vilkår i 120 dagar, og viste til forarbeid og rettspraksis.
Høgsterett uttalte at det i denne saka – der det ikkje var teikn til at jenta var utnytta på noko vis – var tilstrekkeleg med samfunnsstraff. Det blei vist til at kvar sak må vurderast for seg, og at det skal vere samsvar mellom handling og straff.
Dommen gir rettleiing for straffutmålinga for tilfelle av seksuell omgang med nokon mellom 14 og 16 år.