Lovbrot under soning fell utanom reglane om kriminalitet som er utført av prøvelauslatne

Høgsteretts dom 14. desember 2021, HR-2021-2481-A, (sak nr. 21-118930STR-HRET), straffesak, anke over dom.

A (advokat Berit Reiss-Andersen) mot Påtalemakta (statsadvokat Erik Førde)

Dommarar: Indreberg, Matheson, Kallerud, Høgetveit Berg, Steinsvik

Høgsterett slo fast at straffegjennomføringslova § 45 første ledd første punktum ikkje kunne brukast for eit lovbrot den domfelte gjorde medan han sona ein fengselsdom. Lovbrotet som blei gjort under soning, gav derfor ikkje retten heimel til å bestemme at resttida etter den tidlegare dommen skulle sonast.

Den domfelte hadde også gjort eit lovbrot i prøvetida etter at han var prøvelauslaten, og dette gav grunnlag for å fastsette ei fellesstraff som omfatta delar av reststraffa etter den førre dommen.

Dommen avklarer bruksområdet for straffegjennomføringslova § 45 første ledd første punktum.

Les heile avgjerda