Ein reineigar blei dømd for grovt bedrageri ved å oppgi uriktig reintal i søknad om tilskot
Høgsteretts dom 22. desember 2021, HR-2021-2580-A, (sak nr. 21-109906STR-HRET), straffesak, anke over dom.
I. Påtalemakta (konstituert statsadvokat Jørn Henning Bremnes) mot A (advokat Ingar Nikolaisen Kuoljok)
II. A (advokat Ingar Nikolaisen Kuoljok) mot Påtalemakta (konstituert statsad-vokat Jørn Henning Bremnes)
Dommarar: Indreberg, Kallerud, Arntzen, Høgetveit Berg, Thyness
Kravet frå reineigaren om at saka skulle avvisast fordi han allereie var blitt straffa ved å måtte betale tilbake tilskotet, førte ikkje fram.
Høgsterett fastsette i dommen at terskelen for momentet «betydelig økonomisk skade» – som inngår i vurderinga av om eit bedrageri er grovt, heretter skal vere ein og ein halv gong grunnbeløpet på gjerningstidspunktet.
Saka var blitt svært gammal, og hadde mellom anna lege lenge ubehandla hos politiet. Dette var brot på retten til å få saka si behandla innan rimeleg tid, og straffa blei derfor sett til fengsel på vilkår i 30 dagar.
Dommen har betydning for fastsettinga av terskelen for «betydelig økonomisk
skade» i straffelova 1902 § 271 andre ledd, no straffelova § 372.