Krav frå pressa om innsyn i dokument i ei avslutta straffesak

Høgsteretts orskurd 9. mars 2021, HR-2021-526-A, (sak nr. 20-106562STR-HRET), straffesak, anke over orskurd.

Verdens Gang AS (advokat Halvard Helle), Norsk Redaktørforening (partshjelpar), Norsk Journalistlag (partshjelpar) (advokat Halvor Manshaus) mot Den offentlege påtalemakta v/Riksadvokaten (advokat Ane Sydnes Egeland)

Dommarar: Indreberg, Matheson, Bull, Falch, Bergh

Saka gjaldt krav frå VG om innsyn i dokument i ei straffesak mot ein polititenestemann. Kravet bygde på føresegna i Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 10 om ytringsfridom. Høgsterett kom til at denne føresegna gav VG krav på innsyn i saka, men at avisa ikkje hadde krav på ytterlegare dokument utover det grunngitte påtalevedtaket, som allereie var utlevert.

VG har hatt eit generelt søkelys på Forsvarets og politiets handtering av våpen som er innleverte til politiet, og tilknytinga fleire framståande polititenestemenn og offiserar har hatt til slike våpen. Den aktuelle straffesaka gjaldt etterforsking mot ein høgtståande polititenestemann som gjennom ein lengre tidsperiode hadde hatt med ulike våpen å gjere. Som følge av at tenestemannen tidlegare hadde hatt ei høgare stilling ved Spesialeininga for politisaker, blei påtalevedtaket i saka gjort av ein settesjef for Spesialeininga. Vedtaket gjekk ut på at heile saka blei lagd bort.

Høgsterett fann det klart at VG som presseorgan på grunn av karakteren ved saka hadde krav på innsyn i dokument som kunne belyse innhaldet i og behandlinga av saka. Påtalevedtaket som var utlevert, inneheldt over fire sider ein gjennomgang av dei faktiske sidene ved saka og dei forholda som var avgjerande for vedtaket om å legge bort saka. Høgsterett kom etter ei konkret vurdering til at EMK artikkel 10 ikkje gav krav på utlevering av ytterlegare dokument.

Avgjerda inneheld ein generell gjennomgang av vilkåra for rett til innsyn etter EMK artikkel 10. Etter tidlegare behandling i Høgsterett av slike krav i avgjerdene Rt-2013-374 og Rt-2015-1467 er rettstilstanden ytterlegare avklart ved ein storkammerdom frå Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) i 2016.

Les heile avgjerda