Straffbart å gi sovepille til barn på overnattingsbesøk
Høgsteretts dom 16. mars 2021, HR-2021-580-A, (sak nr. 20-168769STR-HRET), straffesak, anke over dom.
A (advokat Mette Yvonne Larsen) mot Påtalemakta (statsadvokat Erik Førde)
Dommarar: Indreberg, Matheson, Bull, Bergsjø, Falch
Høgsterett kom samrøystes til at søvn etter straffelova § 273 er ein «liknende tilstand» som det å vere bevisstlaus. Føresegna gjer det straffbart å framkalle «bevisstløshet eller liknende tilstand hos en annen».
Den domfelte hadde ved tre tilfelle gitt sovepille til eit barn som var på overnattingsbesøk hos dottera, slik at ho sovna. Høgsterett slo fast at straffebodet var brote sjølv om formålet med og verknaden av handlinga var å framkalle søvn når barnet skulle legge seg. Anken over lovbruken til lagmannsretten blei etter dette forkasta.
Avgjerda klargjer at søvn er ein «liknende tilstand» som det å vere bevisstlaus etter straffelova § 273.