Føretaksstraff for å ha gjort bruk av arbeidskrafta til ein utlending når utlendingen ikkje hadde opphalds- og arbeidsløyve i Noreg

Høgsteretts dom 15. april 2021, HR-2021-797-A, (sak nr. 20-182212STR-HRET), straffesak, anke over dom.

X AS (advokat Brynjulf Risnes) mot Påtalemakta (førstestatsadvokat Kristian Jarland)

Dommarar: Matningsdal, Falkanger, Kallerud, Ringnes, Østensen Berglund

Høgsterett kom til at eit selskap skulle påleggast føretaksstraff med ei bot på 30 000 kroner for å ha brote utlendingslova § 108 tredje ledd bokstav a ved å ha hatt ein dagleg leiar som ikkje hadde opphalds- og arbeidsløyve i Noreg.

Det følger av ordlyden i straffelova § 27 og av forarbeida til føresegna at det gjeld eit objektivt straffansvar for føretak. Høgsterett la til grunn at objektivt ansvar for føretaksstraff ikkje er i samsvar med straffeomgrepet i Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 6 nr. 2 og artikkel 7, slik det no er fastlagt i Den europeiske menneskerettsdomstolens storkammerdom 28. juni 2018 G.I.E.M. S.r.l. med fleire mot Italia. For å eliminere motstriden med EMK må føretaksstraff kunne påleggast ved ordinær aktløyse.

I denne saka hadde styreleiaren handla aktlaust, men ikkje grovt aktlaust. Det var slik Høgsterett såg det, ikkje krav om at vedkommande skulle ha handla grovt aktlaust – som er skuldkravet etter utlendingslova § 108 tredje ledd bokstav a.

I førelegget som selskapet ikkje vedtok, var det gitt ei bot på 25 000 kroner og opplyst at dersom førelegget ikkje blei vedtatt, ville det bli lagt ned påstand i retten om ei bot på 30 000 kroner. Da saka kom til tingretten, la påtalemakta ned påstand om ei bot på 500 000 kroner. Årsaka til endringa var at bøtedirektivet til Oslo politidistrikt var oversett da førelegget blei utferda. Høgsterett uttalte at sjølv om påtalemakta ikkje formelt er bunden av beløpet som er varsla i førelegget, bør den sikta normalt kunne stole på at påtalemakta vil legge ned ein påstand i tråd med det som går fram av førelegget. Dei aller fleste straffesakene blir avgjorde ved førelegg der ein på ein annan måte enn ved utmåling av fengselsstraff står overfor ein tilbods- og akseptsituasjon. Dette tilsa slik Høgsterett såg det, at beløpsopplysningane i førelegget bør tilleggast stor vekt. Ved utmålinga av bota la Høgsterett vidare vekt på at utlendingen hadde fått ei forsvarleg lønn, og at det var gjort skattetrekk.

Les heile avgjerda