Straff for langvarig ulovleg opphald i Noreg

Høgsteretts dom 15. april 2021, HR-2021-798-A, (sak nr. 20-182431STR-HRET), straffesak, anke over dom.

A (advokat Steinar Jacob Thomassen) mot Påtalemakta (statsadvokat Andreas Magne Alfoni Strand)

Dommarar: Matningsdal, Bergsjø, Ringnes, Bergh, Steinsvik

Ein mann blei dømd til fengsel i 120 dagar for ulovleg opphald i landet i til saman ni år og fire månader og for enkelte andre forhold.

Mannen kom til Noreg i 2007 saman med ektefellen sin. Dei søkte asyl, men søknaden blei avslått i 2009. Vedtaket blei bringa inn for retten, men søksmålet førte ikkje fram. Mannen forlét likevel ikkje landet, heller ikkje da han i 2016 blei utvist som følge av brota på utlendingslova.

Paret fekk ei dotter i 2012. I mars 2020 innvilga utlendingsmyndigheitene avgrensa opphaldsløyve til familien. Det blei lagt avgjerande vekt på tilknytinga dottera hadde til Noreg. Etter dette har dei hatt lovleg opphald.

Høgsterett framheva at brot på utlendingslova er blitt eit aukande problem, og at allmennpreventive omsyn tilseier ein streng reaksjon. Det blei i denne samanhengen mellom anna vist til lovforarbeid og lagmannsrettspraksis. At mannen no hadde fått opphald i Noreg, kunne ikkje tilleggast vesentleg vekt ved straffutmålinga. Det var ikkje grunnlag for å gjere nokon del av fengselsstraffa til vilkårsstraff.

Les heile avgjerda