Krav frå påtalemakta om å oppretthalde ein dom på tvunge psykisk helsevern
Høgsteretts dom 3. mai 2021, HR-2021-937-A, (sak nr. 21-018214STR-HRET), straffesak, anke over dom.
A (advokat Sigrid Broch) mot Påtalemakta (statsadvokat Iris Øsp Lydsdottir Storås)
Dommarar: Skoghøy, Bergsjø, Arntzen, Bergh, Berglund
Krav frå påtalemakta om å oppretthalde ein dom på tvunge psykisk helsevern
Ein asylsøkar gjorde seg i 2003 skuldig i to forsettlege drap og tre tilfelle av kroppsskade overfor tilfeldige offer. Han blei dømd til overføring til tvunge psykisk helsevern. Høgsterett fann at vilkåra for å oppretthalde dommen var oppfylte, jf. straffelova §§ 65 og 62.
Eit særleg spørsmål i saka var om det å oppretthalde dommen på tvunge psykisk helsevern ville innebere umenneskeleg og nedverdigande behandling, i strid med Grunnlova § 93 og Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 3, og om føresegnene i Grunnlova § 98 om usakleg forskjellsbehandling og EMK artikkel 14 om diskriminering var krenkte.
Etter handlingane i 2003 hadde vedkommande fått avslag på asylsøknaden sin, og han var varig utvist frå Noreg. Som følge av dette var behandlingstilbodet avgrensa samanlikna med kva som er tilfellet for personar med lovleg opphald i landet. Høgsterett viste til at EMK artikkel 3 ikkje stiller krav om eit optimalt behandlingstilbod; det avgjerande må vere at ein mottar eit adekvat tilbod. Vedkommande mottok det beste alternativet som var tilgjengeleg ut frå utlendingsstatusen hans, og institusjonen han oppheldt seg på, hadde lagt godt til rette for å vareta både behova hans og samfunnsvernet. Det låg ikkje føre noka usakleg forskjellsbehandling i strid med EMK artikkel 14, ettersom det ikkje er eit krav etter EMK at statar behandlar utviste personar på same måte som andre borgarar. Heller ikkje Grunnlova § 93 eller § 98 var krenkte.
Dommen klargjer forståinga av straffelova § 65 og EMK artikkel 3 og artikkel 14 i saker om tvunge psykisk helsevern.