Tolking av uttrykket «betydelig skade» i straffelova § 11

Høgsteretts dom 6. mai 2021, HR-2021-974-A, (sak nr. 21-012704STR-HRET), straffesak, anke over dom.

A (advokat Halvard Helle) mot Påtalemakta (statsadvokat Kristin Røhne)

Dommarar: Indreberg, Falkanger, Kallerud, Falch, Steinsvik

Sjukmelding i 13 veker etter ei trafikkulykke blei vurdert som ein «betydelig skade» i form av «langvarig sykdom» etter definisjonen i straffelova § 11. Domfellinga for brot på straffelova § 280 – «Uaktsom forvoldelse av betydelig skade på kropp eller helse» – blei dermed oppretthalden.

Høgsterett kom til at ein «sykdom» til vanleg vil vere «langvarig» slik dette uttrykket er å forstå i straffelova § 11, dersom han varer i omkring tre månader eller meir. Tilstanden må i heile perioden vere så alvorleg at han fell inn under uttrykket «sykdom» i lova. Ved denne vurderinga vil det i normaltilfella kunne takast utgangspunkt i kor lang sjukmeldinga er, eller ville vore om den fornærma var i arbeid.

Les heile avgjerda