«Sjølvvask» av utbytte frå ei verksemd som er driven i strid med skatte- og avgiftslovgivinga
Høgsteretts dom 7. mai 2021, HR-2021-987-A, (sak nr. 21-002283STR-HRET), straffesak, anke over dom.
A (advokat Bernt Heiberg) mot Påtalemakta (statsadvokat Peter Andre Johansen)
Dommarar: Matningsdal, Bull, Bergsjø, Ringnes, Bergh
Høgsterett sette straffa noko ned i ei sak der ein person var dømd for brot på føresegna i straffelova om kvitvasking i form av såkalla sjølvvask knytt til brot på meirverdiavgiftslovgivinga og bruk av arbeidskraft i strid med skatte- og avgiftslovgivinga, og enkelte andre lovbrot.
Den domfelte dreiv med flytteverksemd gjennom eit føretak ‒ hovudføretaket ‒ som i sin tur leigde inn ein stor del av arbeidskrafta gjennom andre føretak, som tilsynelatande var sjølvstendige underleverandørar. Men han kontrollerte sjølv desse underføretaka, som var reine stråselskap, og som nytta arbeidskraft som ikkje betalte skatt, og som det heller ikkje blei svart arbeidsgivaravgift for. Det blei også utført andre lovbrot knytte til verksemda. Høgsterett kom til at for å dømmast for sjølvvask krevst det at dei lovbrota som det sjølvvaska utbyttet stammar frå (primærlovbrota), er identifiserte. Når det dreier seg om samanhengande straffbare forhold, går likevel ikkje konkretiseringsplikta lenger enn det som elles gjeld for slike forhold.
Kravet i sjølvvaskføresegna i straffelova om at primærlovbrotet må skje før sjølvvaskhandlinga, måtte reknast som oppfylt utan at det var nødvendig å knyte den enkelte sjølvvaskhandlinga til eit konkret primærlovbrot når ein, som her, stod overfor eit komplekst system der sjølve det tilslørande systemet som var bygd opp, inngjekk som ein del av sjølvvasken.
Høgsterett hadde eit anna syn enn lagmannsretten på korleis utbyttet skulle bereknast. Medan lagmannsretten baserte seg på det som var overført til stråselskapa, meinte Høgsterett at det måtte gjerast frådrag for dei utgiftene, mellom anna til lønn til arbeidarane som var engasjerte gjennom stråselskapa som den domfelte hadde hatt – slik lagmannsretten hadde gjort ved berekninga av det utbyttet som skulle inndragast. Ettersom det sjølvvaska beløpet da blei lågare, sette Høgsterett straffa ned. Utbytteinndraginga i lagmannsretten blei oppretthalden, bortsett frå at Høgsterett gjorde frådrag frå den dividenden som konkursbuet til hovudføretaket hadde gitt til skattemyndigheitene for skattar og avgifter knytte til primærlovbrota.
Dommen gir rettleiing for forståinga av sjølvvaskføresegna i straffelova og berekninga av utbytte i denne samanhengen.