Juridisk utgreiingseining

Juridisk utgreiingseining er den største eininga i administrasjonen og består av ein leiar, to nestleiarar, 20 utgreiarar, to protokollsekretærar og éin studentutgreiar. 

Utgreiarane er tilsette på åremål (sju år).  

Utgreiingseininga arbeider både for ankeutvalet og for avdelingane i Høgsterett. Når ei ankesak kjem inn til Høgsterett, blir ho fordelt til ein utgreiar. I alle saker blir både prosessuelle og materielle spørsmål utgreidde. 

Ved anke over dom tek utgreiinga for ankeutvalet sikte på å avklare om saka reiser prinsipielle spørsmål som bør behandlast av Høgsterett. Der det er gitt samtykke til ankebehandling, hjelper utgreiarane til med saksførebuinga og i samband med behandlinga i avdeling.

Ved anke over avgjerd og vedtak blir sakene utgreidde med sikte på at ankeutvalet skal ta ei endeleg avgjerd i saka. I tillegg har utgreiarane oppdrag for justitiarius, dommarane og direktøren. 

Alle rettsforhandlingane i Høgsterett blir følgde av ein protokollsekretær. Protokollsekretærane er juristar som bistår dommarane og prosessfullmektigane under sjølve ankeforhandlinga. I tillegg sjekkar dei kjelder og les korrektur på alle avgjerdene frå Høgsterett i avdeling.