Rettsgebyr

Rettsgebyret (R) er eit gebyr som må betales av den som går til sak. Gebyret er frå 1. januar 2021 på 1199 kroner. 

Kven skal betale?

Rettsgebyret skal betalast av den som går til sak eller den som ankar ei avgjerd frå retten.
Dersom ein vinn saka, kan motparten måtte betale rettsgebyret som ein del av avgjerda om sakskostnadene.
Om du ikkje brukar advokat, må du betale rettsgebyr på forskot.

Nokre saker er unnteke

Farskapssaker, foreldretvister og nokre andre typar saker er gebyrfrie. Sjå komplett liste på lovdata.

Sideutgifter kjem i tillegg

I tillegg til rettsgebyr kjem det som blir kalla sideutgifter i samband med rettssaka. Dette kan vera utgifter til sakkunnige, sakkunnige meddommarar, reisegodtgjering til vitne og anna. I sivile saker må sideutgiftene dekkast av partane.

Oversikt over rettsgebyr

Forliksrådet - Sjå www.forliksraadet.no

Sivile saker i tingretten

Inngangsgebyret er 5 x rettsgebyret (R). Det inkluderer første dag av hovudforhandlinga.
Det skal betalast 3 R for kvar dag til og med dag 5. Deretter kostar det 4 R for kvar dag. Har saken vært i forliksrådet først, så reduseres gebyret med kr 1 378 (1,15 R).

1 dag, (5 R) kr 5 995,-. 
2  dagar, (8 R) kr 9 592,-. 
3 dagar, (11 R) kr 13 189,-. 
4 dagar, (14 R) kr 16 786-.
5 dagar (17 R) kr 20 383,-.
6  dagar (21 R) kr 24 612,-.
7 dagar (25 R) kr 29 975 ,-.
8 dagar (29 R) kr 34 771,-.

Avvising eller forlik

Dersom saka blir avvist, nekta fremma eller heva (2 R) = kr 2 398,-
Dersom saka blir forlikt/trekt tidlegare enn 4 veker før hovudforhandling: (2 R)= kr 2 398,- 
Dersom saka blir forlikt/trekt seinare enn 4 veker før hovudforhandling: (2,5 R)= kr 2 997,-

Dersom saka blir trekt eller forlik blir inngått under hovudforhandling, skal det betalast halvparten av fullt gebyr. Det same gjeld om saka blir trekt dagen før hovudforhandling eller om det blir sagt fråværsdom. Eit eksempel: Om det blir inngått forlik på dag to under hovudforhandling, skal halvparten av kr 9 592,- betalast.  

Uteblivelsesdom (fråværsdom): 2,5 R: kr 2 997,-.

Småkravsprosess (tvistelova kapittel 10)

Det skal betalast 3,5 R = kr 4 196,- for småkravssaker. Har saken vært i forliksrådet først, så reduseres gebyret til 2 187 (ein reduksjon på 1,15 R).

Mortifikasjon

Mortifikasjonssaker: 0,8 R (kr 959,-).

Skjønn

Det skal betalast 5 R for kvar dag det blir halde skjønn=  kr 5 995,-
Dersom skjønn blir heva før første dag: (2 R): kr 2 398,-.

Det same gjeld for overskjønn.

Gebyr for tvangssal, fråvikelse og anna tvangsfullbyrding

For krav om tvangsfullbyrding skal det betalast  1,1 R: kr 1 318 (sjølv om kravet seinare blir trekt eller avvist.

Avgjerd om tvangssal  av fast eigedom/andel i burettslag/adkomstdokument i burettslagsleilighet gir eit tilleggsgebyr på 6,3 R (totalt 7,4 R inkludert gebyret ovanfor). Det blit totalt kr 8 872.

For begjæring om utlegg betales fra 1. januar 2021 (1,25 R) = 1 498 kr

Begjæring om utlegg av tvangsgrunnlag fra utlandet betales (1, 7 R) = 2 038 kr

Tvangsfråviking i tvangssal etter tvangsfullbyrdelseslova § 11-14 er gebyrfritt.

Krav om fråviking/utkasting etter tvangsfullbyrdelseslova § 13-2, 3. ledd, bokstav d og e, (2,1 R) = kr 2 517.

Dersom retten vedtek andre typar tvangsfullbyrding, kjem eit gebyr i tillegg. Oversikt over typar tvangsfullbyrding og gebyr, sjå rettsgebyrloven § 14 (lovdata.no).

Klage over namsmannens avgjerder

(1 R) kr 1 199,-.

Gebyr for mellombels sikring og åtgjerd

Krav om mellombels sikring (arrest og mellombels åtgjerd (2,5 R) kr 2 997,-.

Krav om endring, oppheving eller forlenging av mellombels sikring er gebyrfritt.

Mellombels åtgjerd etter ekteskapslova § 92 (rett til bidrag) er gebyrfritt.

Mellombels åtgjerd etter ekteskapslov § 92 (ikkje om rett til bidrag): kr 2 997.

Arrest og mellombels åtgjerd (2,5 R) kr 2 997,-.

Gebyr knyttet til arv

Å oppbevare eit testament hos ein domstol kostar kr 959,- (0,8 R). Vi gjer merksam på at gebyrplikta er knytta til det einskilde dokument. Dette betyr at det ved oppbevaring av tilleggstestament, endringer i eller bytte av testament, må du betale eit et nytt gebyr.

Bubehandling av dødsbu er i utgangspunktet (18 R) kr 21 582,-. 
Som regel oppnemner tingretten ein bustyrar. Då blir antallet rettsgebyr å betale halvert (9  R) = kr 10 791.I tillegg kjem salær til bustyraren.

Utferdigelse av proklama før offentleg skifte, kr 2 637

Forskot til dekning av kostnadar ved krav om offentleg skifte av dødsbu blir fastsett av kvar einskild tingrett.

Gebyr ved konkurs

Ved begjæring om konkurs - forskot til dekning av kostnadar: kr 59 950.

Konkursbegjæringa blir trekt eller avvist: kr 1798,-.

Konkurs og tvangsoppløsningsbo som avsluttes med utlodning: kr 29 975,-.

Konkurs og tvangsoppløsningsbo som innstilles eller tilbakeleveres: kr 14 987,-.

Tvangsavviklingsbu som avsluttes med utlodning: kr 3 836,-.

Tvangsaviklingsbu som blir innstilles eller tilbakeleveres: kr 3 477,-.

Ved begjæring om rekonstuksjon må det betales ei sikring av kostnadar, normalt kr 300 000,-.

Gjennomført rekonstruksjon: kr 5 995,-.

Rekonstruksjonsbegjæring som blir trekt eller avvist: 3 597,-.

Rekonstruksjon som går over i konkurs: Gebyr som for eit konkursbu.

Gebyr ved skilsmisse og separasjon

Førebuande rettsmøte (2 R) kr 2 398,-.

Bubehandling av felleseigebu: kr 12 589,-.

Gebyret halverast til kr 6 294,- viss buet blir levert att til partane.

Notarialstadfestingar (notarius publicus)

Kr 299,- for notarialattestar (0,25 R).

Lagmannsrett og Høgsterett

Anke

Inngangsgebyr ankeforhandling (24 R) = kr 28 128.
Det beløpet gjeld også anke i småkravssaker. Det skal likevel berre betalast 4 R dersom lagmannsretten opphevar dommen etter tvistelovas § 29-12 annet ledd 

Tillegg for hovudforhandling på meir enn 1 dag:

Hovudforhandling i to dagar, til saman 27 R 
Hovudforhandling i tre dagar, til saman 30 R. 
Hovudforhandling i fire dagar, til saman 33 R. 
Hovudforhandling i fem dagar, til saman 36 R. 
Hovudforhandling på meir enn fem dagar, tillegg per dag 4 R.

Saker som ikkje endar med dom

Ved avleia anke: (24 R) = 28 776.
Om anken blir nekta fremma eller heva: (2 R) = kr 2 398,-.
Anke over orskuder og beslutningar: (6 R) = kr 7 194,-.

Om saka blir trekt innan fire veker før hovudforhandling: (2 R) = kr 2 398,-.
Om saka blir trekt seinare enn fire veker før hovudforhandling: (12 R) = kr 14 388,-.
Om saka blir trekt eller forlik blir inngått i hovudforhandlinga, skal det betalast halvparten av fullt gebyr.

Lova om rettsgebyr (lovdata.no)

Til toppen