Rettsmekling

Ei rettssak med hovudforhandling og dom kan kosta partane mykje pengar og ta lang tid. Med rettsmekling kan ein løyse konflikten på ein raskare, billegare og meir effektiv måte. På denne siden gir vi ei oversikt over korleis rettsmekling skjer.

Kva er rettsmekling?

Rettsmekling går ut på at partane sjølv finn ei løysing på konflikten ved å bruke ein meklar (som oftast ein dommar) til å komme fram til semje. Avtalen har rettssak og tvangskraft på lik linke med ein dom og kan som hovudregel ikkje bli anka.

Partane unngår difor ein rettssak med hovedforhandling og dom. Rettsmekling kan berre brukast i sivile saker, ikkje i straffesaker. Dersom konflikten blir løyst under rettsmeklinga, unngår partane rettssak og dom. Hvis partane ikkje blir einige går saka vidare til hovedforhandling (rettssak). Rettsmekling er regulert i tvisteloven § 8-3 (lovdata.no).

Kva er fordelane med rettsmekling?

Billegare og raskare

Blir gjennomført tidleg i saksførebuinga. Difor kan handsaminga bli billegare og raskare.

Mindre belasting.

Mange synest det er psykisk krevjande å ha ei sak i domstolane.

Mindre formelt

Og dermed også venlegare. Partane må vere innstilte på å justere det opphavlege standpunktet sitt.

Mindre konflikt.

Rettsmekling høver særleg godt som metode for konfliktløysing når partane skal halde fram å ha kontakt etter at saka er avslutta. Det vil til dømes vere tilfellet for forretningspartnarar eller naboar og i arbeids- eller husleigeforhold. Rettsmeklinga skjer for lukka dører og utan rettsmøte. Partane unngår dermed den publisiteten som ei ordinær rettsbehandling kan føre med seg.

Korleis få tilbod om rettsmekling?

For å få tilbod om rettsmekling, må saksøkjar bringe konflikten inn for retten ved stevning på vanleg måte. Samtidig med at stevninga blir sendt til saksøkte med pålegg om tilsvar, vil begge partar få informasjon og tilbod om rettsmekling. Det er som hovudregelen ein føresetnad at begge partane samtykker i å delta.

Korleis skjer rettsmekling?

Dersom partane er representert med advokat, møtar både partane og advokatane i rettsmeklinga. Partane møter til rettsmekling med advokatane sine, akkurat som i vanlege rettsmøte. Men under meklinga har advokatane ein meir tilbaketrekt rolle. Dei er der først og fremst som juridiske rådgivarar og ikkje for å prosedere saka.

Rettsmeklaren er som oftast ein dommar frå domstolen som har mottatt stevninga. Retten kan likevel i staden oppnemne ein mekler frå sitt utvalg av rettsmeklere utanfor domstolen. Med partane sitt samtykke kan retten også oppnemne ein annan meklar eller ein hjelpar for rettsmeklaren.

Den dommaren som meklar, har og ein helt anna rolle enn han/hun har under eit vanleg rettsmøte. For det første har dommaren ingen mynde til å avgjere saka. Bevisførsel vil derfor vanlegvis vere utelukka. Dommaren har på førehand lest dokumenta i saka. Han eller ho vil vere opptatt av å sjå framover, framfor å høyre detaljar om alt det som har skjedd mellom partane.

Dommaren bestemmer framgangsmåten for meklinga i samråd med partane.Vanlegvis samlast rettsmeklaren, partane og advokatene fyrst til eit felles møte. Her presenterer rettsmeklaren partane og opplegget for meklinga. I dette møtet holdes som oftast også ei innledning frå kvar av partane. Dette kan overlatast til advokaten.

Etter fellesmøtet kan rettsmeklaren halde særmøter med kvar av partane. Dei kan sjølv bestemme hvilke opplysningar frå særmøtane som kan bringast vidare til motparten.

Om partane blir einige, kan forliket inngå som eit rettsforlik. Dette har same verknad som ein dom i saka.

Kva skjer dersom meklinga mislykkast?

Rettsmekling lukkast i 70-80 prosent av sakene. Dersom det ikkje blir oppnådd forlik, blir saka overlate til ein annan dommar for hovudforhandling (vanleg rettssak). Meklarar har teieplikt, og den dommaren som overtar saka, vil derfor ikkje få vite kva som har komme fram under rettsmeklinga. Sjølv om saka ikkje blir løyst, vil meklinga ofte bidra til å forenkle den vidare behandlinga av saka gjennom ei enklare saksførebuing og at ein del av det partane var usamde om har blitt løyst.

Les i tvistelova om rettsmekling.

Til toppen