For deg som er meddommer

For deg som er meddommar eller vurderer å bli det, finnes egne nettsider med veiledning og introduksjonskurs.

Har eg møteplikt?

Alle som står i utvalet over meddommarar, og som blir trekt ut til å gjera teneste i ei sak, har møteplikt. Denne plikta gjeld med mindre du klart blir fritatt. Dersom du vil bli fritatt frå å møte i ei sak, må du sende ein skriftleg søknad til domstolen snarast etter at innkallinga har kome i posten. Du må vedlegge dokumentasjon på fritaksgrunnen, til dømes legeerklæring, erklæring frå arbeidsgjevar eller liknande.

Kva fritaksgrunnar gjeld?

Lovleg forfall

Dersom du har lovleg forfall, kan du fritakast frå å møte. Du kan ha lovleg forfall dersom oppmøte fører til at det er fare for helse eller velferd, eller viktige oppgåver og plikter vil forsømast. Som lovleg forfall kan og godtakast særleg lang reisetid eller reiseavstand mellom bustad og domstol. Den som gjer teneste i militæret eller ved høgare domstol, har også lovleg forfall. Andre offentlege verv gir som hovudregel ikkje lovleg forfallsgrunn.

Særleg om helse

Dersom den som vert innkalla er mentalt eller fysisk svekka (til dømes svært dårleg hørsel eller syn) og derfor er ute av stand til å utføre oppgåva på ein god måte, må du melda domstolen om det. Dersom du ikkje sjølv er i stand til å melde frå, bør dei pårørande gjere det. Du må levere legeerklæring, deretter vil domstolen så ta stilling til om du har lovleg forfall.

Fritak i domssoknet

Har du flytta frå domssoknet, må du melde frå til domstolen og legge ved dokumentasjon frå folkeregisteret. Du vil då bli sletta frå utvalet. Flytting mellom kommunane i domssoknet må også meldast til domstolen.

Når er eg inhabil?

Dersom du er i nær slekt eller nær familie med partane, er du inhabil og kan ikkje dømme i saka. Det same gjeld dersom du sjølv har direkte interesser i saka. Du kan og vere inhabil dersom du elles på ein eller annan måte har ei tilknyting til partane eller saka som kan påverke avgjerda di. Det er også viktig at du ikkje har eller har hatt meiningar om saken på sosiale mediar som Facebook, Twitter og så bortetter. Dersom du ser at du er inhabil når du får innkallinga, må du straks melde frå til domstolen. Det kan og hende at du først oppdagar at du er inhabil når du møter i retten. For slike situasjonar har domstolen oppnemnt varamedlemmer som kan tilkallast i din stad.

Godtgjersle -får eg betalt for å møte?

Den som vert trekt i lønn av arbeidsgjevar, har krav på å få tapet dekka. Det må då leggast fram ein attest frå arbeidsgjevar som klart viser kva sum som skal trekkast. Den som får lønn frå arbeidsgjevar får ikkje nokon særskilt godtgjering. Studentar, pensjonistar og trygda for 250 kronar for kvar dag som går med til å møte i retten.
Også sjølvstendig næringsdrivande får dekka tapt arbeidsforteneste, normalt berekna etter gjennomsnittleg tap per dag. Du fyller ut eit særskilt skjema (søknad om erstatning for tapt arbeidsforteneste) når du kjem til domstolen. Du har og krav på skyssgodtgjering etter statens regulativ. Vanlegvis er det berre utgifter til rutegåande transportmidlar som vert dekte.

Meir informasjon

Sjå nettssidane for nye meddommarar (berre på bokmål)

Til toppen