Kven kan bli meddommar?

Informasjon om korleis meddommarar blir valde.

Kontakt kommunen

Kven som skal vere meddommarar, vel kommunane. Dersom du lurer på om din kommune treng lekdommarar, så ta kontakt med dei. Valperioden er fire år.

For kvar tingrett skal det vera to utval av lekfolk, eit for kvinner og eit for menn, som meddommarane vert trekte frå.

Meddommarane til kvar enkelt sak blir trekte tilfeldig frå utvalet. Det skal vera like mange av kvart kjønn.

Krav til ein meddommar

Domstollova stiller krav til kven som kan veljast. Blant anna må du, når du skal veljast, vera mellom 21 og 70 år, ha stemmerett og kunne veljast til kommunestyret. Du må vera norsk eller nordisk statsborgar eller vera innført i norsk folkeregister som busett i Noreg dei siste tre åra.

Det er og eit vilkår at du snakkar og forstår norsk. Vidare vert det stilt visse krav til at du har vært lovlydig, sjå domstollova § 72 (lovdata.no).

Nokre yrkesgrupper kan ikkje veljast som meddommarar. Det gjelder mellom annet: 

  • stortingsrepresentantar og vararepresentantar
  • statsrådar
  • personar frå styresmaktene
  • embetsmenn i dømmande stilling
  • tenestemenn ved påtalemakta, politiet og kriminalomsorgen
  • prestar i statskyrkja og prestar eller forstandarar i registrerte trussamfunn
  • tenestemenn ved Domstoladministrasjonen
  • praktiserande advokatar

Reglene finner du i domstollova § 71 (lovdata.no)

Fritak

Nokon har og rett til å krevje seg fritatt for val. Dette gjeld blant anna:

  • dei som har helsegrunnar
  • dei som har vore meddommarar i to tidligare periodar
Til toppen