Kvifor har vi meddommarar?

Foto: Sarah Lyngholm Kristiansen

Det er ikkje noko krav til den faglege bakgrunnen til lekdommarar. Grunngjevinga er at tiltalte skal "dømmast av sine likemenn".

I kva saker deltek meddommarar?

Dei deltek i straffesaker i tingretten og i lagmannsretten i dei sakene der skuldspørsmålet skal avgjerast. Det kan også vere meddommarar i enkelte sivile saker. I nokre saker bruker ein også fagkunnige meddommarar som gjev retten spesiell innsikt i ulike fagområde, til dømes psykologi og økonomi. I Høgsterett deltek ikkje meddommarar.
Som meddommar må du i gjennomsnitt møte i  2-3 rettssaker i året, men dette kan variere noko. Kor lang ei rettssak er, vil variere frå mindre enn ein dag til fleire veker. Det er over hundre år sidan Stortinget vedtok at uavhengige borgarar (lekdommarar) skulle bruke si sunne fornuft og sitt skjønn til å avgjere skuld eller ikkje skuld, som eit korrektiv til styresmakter og makthavarar. 

Sjå også

Kvifor dømmer meddommarar i straffesaker?

Eit alminneleg rettsprinsipp er at ein skal dømast av sine likemenn. Meddommarer som lekfolk spelar derfor ei viktig rolle i rettssystemet vårt. Det vert sett på som ein garanti for rettstryggleiken at borgarane har medverknad og kan uttrykke rettsoppfatninga si ved å dømme i straffesaker.

Både i tingretten og i lagmannsretten deltar lekdommarar ved behandling av straffesaker. Meddommarar deltar på lik linje med fagdommarane, og skal både vurdere om tiltalte er skuldig og kva straff han eller ho eventuelt skal få. I avgjerda tel stemmene til meddommarane like mykje som fagdommarane sine stemmer.

Til toppen