Vitne

Eit vitne har sett, høyrt eller erfart noko som betyr noko for ei rettssak. Denne sida er for deg som skal vitne i ei straffesak eller ei sivil sak.

Kvifor skal du vitne?

Vitne er særs viktige for rettstryggleiken i samfunnet. Du har fått ei innkalling til saka (kalla stemning) fordi partane eller retten meiner at du kjenner til noko som kan vere viktig for retten å vite. Du har plikt til å møte i tråd med innkallinga og forklare deg for retten.

Ei rettssak blir avgjord med bakgrunn i det som er kome fram i rettssalen. Difor må vitne forklare seg slik at dommarane høyrer vitneforklaringa. Det gjeld sjølv om ein tidlegare har forklart seg for politiet eller partane sin advokat. Ei vitneforklaring kan avgjere utfallet av ei sak, difor har vitne plikt til å snakke sant.

Varsle arbeidsgivar

Du bør snarast seie ifrå til arbeidsgivaren din, slik at fråværet er varsla i god tid. Avklar så tidleg som mogleg med dei som har kalla deg inn (retten, politiet eller ein advokat), i fall tidspunktet passar dårleg.

Før du møter i domstolen

Før rettssaka kan du notere ned mest mogleg av det du hugsar om saka. Desse notata kan du godt ta med deg. Vidare kan du førebu deg gjennom å lese merknader, brev, dokument og liknande. Du bør derimot ikkje snakke med andre om saka.

I domstolen – før du skal vitne

Når du kjem til domstolen, er det viktig at du finn rettssalen der innkallinga seier at du skal møte. Vent utanfor salen, du blir henta når det er din tur. Ver budd på å vente, sidan rettssaka allereie er i gang når du skal inn. Før du og andre vitne slepp til, skal retten få ei orientering frå advokatane (eller frå aktor i straffesaker) om kva saka gjeld og kva partane er ueinige om. Så skal partane (i sivile saker) eller tiltalte (i straffesaker) gi si forklaring. Dette får ikkje vitne høyre på, fordi dei skal vere upåverka av det som er sagt tidlegare i saka. Det er vanskeleg å anslå kor lang tid dette tar. Om spesielle årsaker gjer det vanskeleg for deg å vente, så ta det opp på førehand med den som har kalla deg inn.

I rettssalen – forsikring og forklaring

Når du kjem inn i rettssalen, blir du oppmoda om å stå ved vitneboksen. Så blir du spurd om kva du heiter, kor du bur og så vidare. Deretter blir du spurd om du på noko vis er i slekt med tiltalte, fornærma eller partane i saka. Også andre forhold, som felles økonomiske interesser, må du fortelje om. Det kan vere at du på grunn av stilling, slektskap eller liknande, ikkje skal forklare deg, eller at du har rett til å la vere. Dette vil retten i tilfellet gjere deg merksam på.

Du må gi forsikring før du forklarer deg. Først vil leiaren av retten formane deg om å forklare den reine og fulle sanninga utan å skjule noko. Dette skal du forsikre om. Ståande seier du: ”Det forsikrar eg”.

Du blir så beden om å fortelje det du veit om saka. 

Om du ikkje er heilt sikker på kva du skal forklare deg om, kan du godt be om at det blir stilt spørsmål. Når du har forklart det du hugsar, vil som regel partane i saka, og deretter dommaren, stille spørsmål. Du må også opplyse om det som du trur kan ha betydning for saka. Det gjeld sjølv om du ikke blir spurd direkte om det. Dersom du er i tvil, eller ikkje hugsar kva som gjekk føre seg, så sei ifrå. Du kan støtte deg til notat, men sjølve forklaringa skal vere munnleg. Om du kjem på noko du skulle ha sagt i ettertid, kan du kontakte advokaten eller aktor.

Falsk forklaring er straffbart med inntil fem år i fengsel.

Etter forklaringa

Når du har forklart deg, avgjer du sjølv om du vil følgje resten av saka frå tilhøyrarplassen. Om du ikkje krev erstatning mot tiltalte eller bistandsadvokaten, må du sjølv kontakte domstolen om du vil vite utfallet. Blir saka anka, må du truleg vitne på nytt.

Tapt arbeidsforteneste

Om du ikkje får fri for å vitne, ta kontakt med domstolen for å avklare om du får erstatta tapt arbeidsforteneste.

Dekning av reiseutgifter

I sivile saker blir dekning av utgifter avtalt med den parten som kalla deg inn.

I straffesaker har du krav på reise- og kostgodtgjering (særavtale om dekning av utgifter til reise og kost). Reisa skal gjennomførast på raskaste og rimelegaste vis for staten. Offentleg transport må nyttast der han er tilgjengeleg. Godtgjering for bruk av eigen bil blir berre godtatt når det er rimelegast for det offentlege, om ikkje det er særlege grunnar for at du må bruke bil. Reiseutgiftene må dokumenterast med kvitteringar, bortsett frå den rimelegaste offentlege transporten, til dømes buss, tog og så vidare.

For reiser over 15 km og som tar meir enn 6 timar, blir kostnader til måltid godtgjorde etter satsane i særavtala om dekning av utgifter til reise og kost. Dersom enkeltmåltid er dekte av andre enn deg sjølv, må du registrere frådrag for måltid.

Utgifter til overnatting

Utgifter til overnatting på hotell eller liknande, blir dekte etter rekning.

Dersom du overnattar privat (ikkje eigen bustad), blir det utbetalt eit ulegitimert tillegg per døgn (sjå særavtale).

Innsending av reiseutgifter

Når du har utført oppgåva di som vitne, kan du krevje refusjon av reiseutgifter.

Er du vitne i Oslo tingrett? Les om refusjonsordninga deira på tingretten sin eigen nettstad.

Krav om refusjon av reiseutgifter skal sendast inn elektronisk via DFØ (Direktoratet for økonomistyring) si løysing for sjølvbetening:

Dette må du hugse:

  • Ver merksam på at domstolen du har vore i, må opprette tilgang for bruk fyrste gongen. Ta kontakt med domstolen for nærare informasjon.
  • Legg alltid inn saksnummer i merknadsfeltet.
  • For tapt arbeidsforteneste vel du lønnart 5533.
  • Når du legg inn reiseutgifter, vel du utgiftstypar med 12 % MVA for fly, buss, tog og hotell.
  • Ved parkering og bomutgifter vel du utgiftstypar utan mva.Merk at det ikkje er alle domstolar som har kantine. Ta kontakt med domstolen for avklaring om bevertning.

Kantine eller matpakke?

Merk at det ikkje er alle domstolar som har kantine. Ta kontakt med domstolen for avklaring om bevertning.

 

Til toppen