Meny

Bergen tingrett og Nordhordland tingrett går frå årsskiftet saman til ein ny domstol, Bergen tingrett. Då får meir enn 450 000 innbyggjarar frå Austevoll i sør til Gulen i nord ein felles domstol.

Bergen tingrett vert den største domstolen i Noreg som handsamar alle sakstypar. Dette gjeld straffesaker, sivile tvistar, saker om konkurs, skifte, tvangssal og gjeldsordning. I tillegg vil mange gifta seg i den nye tingretten.

Ingenting er nytt med omsyn til lokalisering, og Bergen tinghus vert verande som rettsstad.

-          Skilnaden er at det blir ein domstol, og ikkje to, i tinghuset. Publikum vil berre ha ein stad å venda seg, anten ein er bymann eller stril. Det vert felles telefon, e-post og nettstad, seier Arne Henriksen, den nye sorenskrivaren.

Digitalisering

Henriksen har sett klare mål for den nye domstolen, sjølv om arbeidet framover må gjerast gradvis, og det første på programmet er ein del interne endringar:

-          På sikt skal me utvikla ein moderne domstol. Det sentrale er å halda høg kvalitet i arbeidet, fremja rettstryggleiken, og møta behova til dei som søkjer retten. Trass i dei gamle lokala, skal me vera langt framme når det gjeld å bruka digitale hjelpemiddel. Til dømes blir det frå februar mogleg for advokatar i sivile saker å kommunisera digitalt med tingretten gjennom aktørportalen til domstolane.

Spesialisering og nynorsk

-          Ein annan fordel med den nye domstolen er at me skal, og får høve til, å utvikla sterkare fagmiljø i tingretten. Dommarane skal til ein viss grad vera, og få høve til å bli, spesialistar på enkelte fagområde, seier Henriksen.

-          Ein fordel med den nye domstolen er at like saker i større grad blir handsama på ein uniform måte. Det skal ikkje lengre vera skilnader i rutinar og praktisk gjennomføring alt etter om saka kjem frå Bergen eller nokre av kommunane ikring. Ein skilnad for dei som soknar til Bergen er likevel at administrasjonsspråket vert nynorsk.

Fakta om Bergen tingrett frå 1.1.2017

  • Tjue kommunar soknar til domstolen:  Gulen, Fedje, Fjell, Austrheim, Masfjorden, Modalen, Lindås, Radøy, Meland, Askøy, Øygarden, Sund, Osterøy, Vaksdal, Voss, Austevoll, Os, Fusa, Samnanger og Bergen.  
  • Den nye domstolen får 44 dommarar, og 104 tilsette i alt.
  • Ankedomstol for Bergen tingrett er Gulating lagmannsrett
  • Tingretten held til i tinghuset, Tårnplass 2
  • Postadressa er postboks 7412, 5020 Bergen, epostadresse er Bergen.tingrett@domstol.no
  • Ny nettstad: www.domstol.no/bergen

Siden ble sist oppdatert: 19.12.2016, kl. 09.06