Meny

Frå 1. juli vil nye Sogn og Fjordane tingrett vere domstolen for dei aller fleste i fylket. Rettskrinsen vil omfatte 25 kommunar og ha tinghus både i Førde og i Sogndal. I tillegg er det fast rettssal på Nordfjordeid der vi er samlokalisert med jordskifteretten. Domstolen kan og sette rett i Florø.

Sogn og Fjordane tingrett vil vere førsteinstansdomstol for om lag 108 000 innbyggjarar. I fylket er det berre innbyggjarane i Gulen kommune som høyrer til ein annan domstol, Bergen tingrett.

Innbyggjarane skal få det same tilbodet uavhengig av kva rettsstad dei naturleg høyrer til. Det betyr at dei vil ha den same nærleiken til tenestene som før, både når det gjeld straffesaker og sivile tvistesaker. I tillegg har domstolen ei rekkje forvaltnings- og registreringsoppgåver, slik som dødsfallsregistrering, gjeremål knytt til skifte, notarialforretningar og vigsler.

Den nye domstolen vil ha 20 medarbeidarar fordelt på 9 dommarar og 11 saksbehandlarar inkludert administrasjonssjef. Leiar vil vere sorenskrivar Terje Mowatt.

- Samanslåinga vil i første rekkje få verknad for vår interne bruk av ressursar. Det inneber at brukarane våre vil møte dommarane våre på alle rettsstadane uavhengig av kvar dei har sin faste kontorstad, seier Mowatt.

­- Domstolane i Norge har store utfordringar knytt til krav til ressursutnytting og aukande saksmengde. Nye Sogn og Fjordane tingrett vil i den samanhengen stå fram som ein ny og styrka domstol. Domstolen vil vere i fremste rekkje i bruk av digitale løysingar som gir meir effektiv drift og betre brukartilgang til domstolen. Domstolen vil dermed fortsatt kunne gi borgarane og det rettssøkjande publikum avgjerder av god kvalitet og service.

- Eg ser fram til å få ein ny domstol med eit større fagmiljø for alle tilsette og mindre sårbarheit i den daglege drifta, seier sorenskrivar Terje Mowatt.

Følgjande kommunar høyrer til nye Sogn og Fjordane tingrett

  • Aurland
  • Luster
  • Lærdal
  • Sogndal
  • Årdal
  • Vik
  • Balestrand
  • Leikanger
  • Askvoll
  • Bremanger
  • Fjaler
  • Flora
  • Førde
  • Gaular
  • Jølster
  • Naustdal
  • Solund
  • Hyllestad
  • Høyanger
  • Hornindal
  • Gloppen
  • Stryn
  • Selje
  • Vågsøy
  • Eid

Siden ble sist oppdatert: 30.06.2017, kl. 12.13